2,2 millionar til utvikling av levande byar og stadar i Vestland

Kvam herad er ein av sju kommunar i Vestland som no får tilskot til stadutvikling. Dei får støtte til å etablere ein vitenpark i Norheimsund i samarbeid med Fartøyvernsenteret.

Oversiktsbilde av fartøyvernsenteret i Norheimsund.
Kvam herad får støtte til å etablere ein Vitenpark i samarbeid med Fartøyvernsenteret.

Prosjektet i Kvam skal lage ein open og inkluderande møteplass og skape eit meir levande og attraktivt sentrum. Vestland fylkeskommune løyver til saman 2 275 000 kroner til by- og stadutvikling i dei sju kommunane.

− Ved å skapa gode rammer for kvardagslivet i byar og stadar i Vestland, kan vi bidra til ei meir berekraftig samfunnsutvikling. Levande stadar der folk ønskjer å bu, arbeide, drive næring og besøke, seier Synnøve Stalheim, seksjonssjef for plan, klima og folkehelse i Vestland fylkeskommune.

Ny søknadsfrist 15. september

Alle prosjekta som har fått innvilga søknaden, fremjar folkehelse og legg til rette for nytenkjande og menneskevennleg arealbruk, samt miljøvenleg transport. Alle kommunar i fylket kan søkje fylkeskommunen om støtte til stadutvikling tilpassa kommunale plan- og utviklingsprosessar, og neste frist er 15. september.

Desse kommunane får tilskot til by- og stadutvikling frå Vestland fylkeskommune

Kommune Prosjekt Tilskot

Bergen kommune 

Laksevågneset; tilrettelegge for langsiktig transformasjon frå dagens industri til levande bydelssentrum. Utlysing av parallelloppdrag og samskaping som del av prosessen.  

400 000 kr

Stord kommune  Leirvik sentrum: Etablere ein mellombels møteplass ved Torget i Leirvik sentrum som legger til rette for sosial kontakt og trivsel for alle aldersgrupper.

140 000 kr

Ullensvang kommune Odda: planlegge ein urban, tilgjengeleg aktivitetspark særleg retta mot ungdom på smelteverkstomta

400 000 kr

Alver kommune

Sentrumsutvikling pilot: ein samfunnsanalyse og moglegheitstudie for region, lokal- og nærsenter for å tydeleggjere funksjon, rolle og kvalitetar hos dei definerte sentra i nye Alver kommune. 

400 000 kr

Sunnfjord kommune

Etablering av eit mellombels, aktivt byrom i Førde sentrum gjennom medverknad/ involvering av ein rekke aktørar. 

370 000 kr

Stad kommune

Eidsgata: «Med hjarte for Eidsgata», skal jobbe med å få gateglød framfor gatedød gjennom samarbeid og brei involvering. 

165 000 kr

Kvam kommune 

Norheimsund: Etablere ein Vitenpark i samarbeid med Fartøyvernsenteret. Ein åpen og inkluderande møteplass for alle som kan gje eit meir levande og attraktivt sentrum.

400 000 kr