Nettverk for by- og stadutvikling: Den gode samtalen

Føremålet er mellom anna å styrka arbeidet med stadutvikling og bli kjende med kvarandre og aktivitet i dei ulike kommunane.

Dette er ein møteplass for alle kommunane i Vestland og Vestland fylkeskommune. Her kan me utveksla erfaringar, læra av kvarandre og få til nye samarbeid på tvers av kommunegrenser, interesser og fagområde. 

Dette er tverrfaglege samtalar og samarbeid, og vi koplar på fagfolk – både eksterne og interne – avhengig av kva som er tema for møta. 

Oppmodar til å dela erfaringar og ny kunnskap 

Det er faste møte første tysdag i kvar månad klokka 1011. Fylkeskommunen og kommunen utviklar innhald og form på møta saman. Her kan kommunane syna fram kva som skjer hjå dei, og vi oppmodar til å bruka nettverket og dela  

  • arbeid og prosjekt 
  • erfaringar og kunnskap 
  • synspunkt og problemstillingar 

Vestland fylkeskommune administrerer nettverket.  

Stor variasjon i tema 

Sidan oppstarten i 2024 har me vore innom desse temaa når nettverket har møttest: 

  • arkitektur i kommunelandskapet 
  • ombruk 
  • sosial utjamning 
  • klima  
  • byggeskikk 
  • leik  
  • naboskap 
  • metodar 
  • utviklingsplanen  
  • deltaking 

Har du innspel til tema du ønskjer å ta opp i framtidige møte, ta kontakt. 

Møte i 2026

Plakat for møtet i nettverket for by- og stadutvikling i Vestland 5. mai 2026.

 

 

 

Plakat for nettverk for stadutvikling 3. februar 2026. Det er ein illustrasjon av to menneske i samtale, og teksten handlar om tema for nettverksmøtet.

 

Plakat for nettverk for stadutvikling 2. desember 2025. Det er bilde frå Trådverket i Kristiansand, og teksten handlar om tema for nettverksmøtet.

 

Plakat med tittelen By- og stadutvikling i Vestland og eit bilde av ungdomar på veg opp ei trapp. Under bildet står noko tekst om tematikken ungdom i stadutvikling.

 

 

Plakat for nettverk for stadutvikling 3. juni 2025. Det er bilde eit bygg med teksten I'm so happy that you are here, og teksten handlar om tema for nettverksmøtet.

 

Plakat for nettverk for stadutvikling 6. mai 2025. Det er menneske på ein traktorhengar i eit Pride-tog, og teksten handlar om tema for nettverksmøtet.

 

Plakat for nettverk for stadutvikling 1. april 2025. Det er bilde ein gjeng menneske som går framfor ein vegg med mykje tagging, og teksten handlar om tema for nettverksmøtet.