Plankonferansen 2026

Plankonferansen er ein viktig møteplass for alle som jobbar med kommunal planlegging i Vestland.

Vestland fylkeskommune arrangerer plankonferansen i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland. Dei siste åra har plankonferansen blitt arrangert i Bergen og vi held fram med det.

Målgruppa for konferansen er kommunane i Vestland, regionale og statlege etatar, konsulentbransjen og andre med interesser for kommunal planlegging.

Kort informasjon

Tema: «Gode og effektive planprosessar – samarbeid og kunnskap som grunnlag for betre planlegging»
Stad: Radisson Blu Royal Hotel, Bryggen, Bergen
Tid: Måndag 2. november frå kl. 09.00 til tysdag 3. november, avsluttar med lunsj kl.13.00
Påmelding: Meld deg på via påmeldingsskjemaet.
Påmeldingsfrist: Vi oppmodar alle til å melde seg på tidleg.
kommunar som skal ha dekka overnatting må melde seg på innan 2. oktober 2026 - sjå kva som gjeld for din kommune: informasjon til kommunane
Program: Fullstendig program (PDF), det kan bli endringar.
 
God planlegging er kommunane sitt viktigaste verktøy for ei berekraftig samfunns- og arealutvikling. Samstundes vert dagens planprosessar opplevd som tidkrevjande, kompliserte og lite fleksible. Samfunnet endrar seg raskt og lange planprosessar skaper utfordringar for private utbyggjarar, det offentlege og samfunnsutviklinga generelt. Årets konferanse set søkelyset på korleis vi saman kan utvikle planprosessar som er effektive, kunnskapsbaserte og forankra i godt samarbeid.
 

Program

Måndag 2. november

  • Dei viktigaste føringane
    Oppdatering frå Kommunal- og distriktsdepartementet og fylkeskommunen
  • Effektive planprosessar
    Innlegg frå Holth & Winge, Distriktssenteret og Tønsberg kommune
    Kvifor tar det så lang tid med kommuneplanen sin arealdel? - Samtale mellom representantar frå Statsforvaltaren, fylkeskommunen og kommunane, leia av Nikolai Winge
  • Kunnskap
    Innlegg frå Asplan Viak, DOGA, Rambøll og fylkeskommunen. Tema er mellom anna grå areal, arealrekneskap, bustadoversikt og arkitekturstrategi
  • Synfaring i byen og festmiddag

Tysdag 3. november

Du kan velje mellom to parallellsesjonar:
 

Parallellsesjon 1: Rom for kvalitet og handling

Korleis kan vi skape stader som gir livskvalitet, framtidstru og lyst til å bli?
Med utgangspunkt i Rom for kvalitet – Nasjonal arkitekturstrategi utforskar vi korleis arkitektur, planlegging og stadutvikling kan bli brukt som verkemiddel for gode liv og fellesskap. Gjennom faglege innlegg, konkrete døme og samtale ser vi på sosial infrastruktur, medverknad, transformasjon, stadtilhøyrsle og lokal skaparkraft. Kva kan vi få til dersom vi tek utgangspunkt i menneska, kvalitetane og ressursane som allereie finst på staden?
 

Parallellsesjon 2: Effektive planprosessar

Seks tiltak som kan bidra til meir effektive planprosessar
Nikolai Winge frå Holth & Winge presenterer seks tiltak for betre og meir effektiv planlegging. Med korte innleiingar som utgangspunkt diskuterer vi moglegheiter og utvekslar erfaringar, gruppevis og i plenum. Her er det rom for både kreativitet og kritisk refleksjon.
 
Fullstendig program (PDF), det kan bli endringar.
 

Praktisk informasjon

Påmelding

Meld deg på via påmeldingsskjemaet.
Påmeldingsfrist: 02. oktober


Støtte til kommunal deltaking – ny ordning

Plankonferansen er ein viktig møteplass for alle som jobbar med kommunal planlegging i Vestland, og det er eit mål at alle 43 kommunane i Vestland skal kunne delta, uavhengig av reiseavstand til Bergen. Vi innfører derfor ei ny støtteordning som tek omsyn til geografi og kommunestorleik.
 
Konferansen dekkjer dagpakkar og middag for eit gitt tal personar per kommune, basert på kommunestorleik:
 
Kommunestorleik
Tal personar dekka
Under 4 000 innb.
2 personar
4 001 til 10 000 innb.
3 personar
10 001 til 25 000 innb.
4 personar
25 001 til 45 000 innb.
6 personar
Over 45 000 innb.
10 personar
 
Kommunen får dekka overnatting etter kor lang reiseveg det er frå kommunesenteret til Bergen. Kommunane er plassert i tre soner:
 
Sone
Reisetid til Bergen
Overnattingsstøtte
Sone A
Under 1 time
Ingen overnatting dekka
Sone B
1 til 3 timar
1 overnatting dekka
Sone C
Over 3 timar
2 overnattingar dekka
 
Kommunar kan sende fleire deltakarar, men må då sjølve betale dagpakkar, middag og eventuell overnatting for dei ekstra deltakarane.
Reise dekker deltakarane sjølv.
 


Ikkje-møtt-avgift

Ved avbestilling etter 2.oktober, eller ved «ikkje møtt», blir dagpakkar og middag fakturert i tråd med det du har meldt deg på. For å unngå faktura kan ein annan deltakar frå same kommune overta plassen din. Dette er mogleg heilt fram til konferansedatoen.
 

Deltakaravgift

Post
Dato
Pris
Dagpakke
2. november
kr 690,-
Middag
2. november
kr 621,-
Dagpakke
3. november
kr 690,-
 
Faktura for deltaking blir sendt i etterkant.
 

Overnatting

For at kommunane skal få dekka overnatting i samsvar med oversikta, må vi ha påmelding innan 2.oktober. Det er mogleg å melde seg på etter den datoen, men kommunen må då dekke overnatting sjølv.
 
For deltakarar som ikkje får dekka overnatting er det mogleg å tinge rom direkte hos hotellet via denne linken. Hotellovernatting: Kr 1.490 pr døgn inkl mva. Rom må tingast innan 2. oktober. 
 
Vi ser fram til å sjå deg på plankonferansen 2026!