Berekraft på agendaen i kommunane
Om ti år skal vi ha nådd alle dei 17 berekraftsmåla. Kommunane i Vestland finn kreative og lokale løysingar på felles, globale utfordringar. Det syner ei ny kartlegging.

Kommunal sektor har ei nøkkelrolle i arbeidet med å nå dei 17 berekraftsmåla til FN. Vestland fylkeskommune har våren og sommaren 2021 kartlagt korleis kommunane i fylket arbeider med berekraft.
30 av 43 kommunar har bidrege til å teikne eit bilete av kva konkret som blir gjort i kommunal sektor. Kartlegginga fortel om både sigrar og utfordringar. Framfor alt viser ho at kommunane er utforskande og nyskapande i innsatsen for ei berekraftig framtid.

Fleirtalet av dei som har svara seier at deling av kunnskap og erfaringar er viktig for å kome vidare med arbeidet. Fylkeskommunen er glad for å bidra til dette gjennom kartlegginga og ei eksempelsamling med gode døme til inspirasjon.
Eksempelsamlinga blir klar over sommaren og syner korleis dei ulike kommunane i fylket jobbar med berekraft, og for å nå berekraftsmåla. Samlinga skal vere til inspirasjon for vidare arbeid i både kommunane og elles.