Vestlandshuset
Vestlandshuset er arbeidsplassen for vel 800 tilsette i Vestland fylkeskommune, Skyss, Bybanen Utbygging og heiltids fylkespolitikarar. Det er eit topp moderne, berekraftig, fleksibelt og ope hus, der samarbeid og samhandling står sentralt. Her held også Experis, Sikt, Forvis Mazars, Handelsbanken og Harris Advokatfirma til.