Fylkesvarden - ein stein frå kvar av kommunane i Vestland

Fylkesvarden skal symbolisere at Vestlandshuset skal vere ein varde for det lokale og regionale demokratiet. Her kan du lese om alle steinane i fylkesvarden.

Ein varde laga av 43 nummererte steinar.
Du kan sjå fylkesvarden i 1. etasje i Vestlandshuset. Foto: Jennifer Fossnes, Vestland fylkeskommune.

Til den offisielle opninga av Vestlandshuset 8. mars 2023 hadde ordførarane/varaordførarane frå dei 43 kommunane i fylket med seg kvar sin stein frå kommunen sin. Alle steinane er nummererte og dei aller fleste kom med ei fin lita historie. 

Steinen frå Bergen er frå Ulriken, 643 meter over havet og det høgaste punktet i Bergen. Steinen representerer dei sju byfjella, som kjenneteiknar vestlandshovudstaden og er med på å gjere Bergen til ein heilt unik by.  

Bidraget til Askvoll er ein stein av bergarten grønsteinbreksje frå Magnhildsenga på øya Værlandet.

Steinen er òg kalla «Black Beauty». Det er den viktigaste steinsorten for den lokale steinbedrifta Landøy Brimmen Stone, som lagar blant anna benkeplater av stein.  

Alver kommune har levert ein stein av bergarten mangeritt til fylkesvarden.

Steinen er frå Solendfjellet, om lag 1,5 kilometer i luftline aust for Manger sentrum.

Alver har valt nett denne steinen til fylkesvarden fordi bergarten har fått namn frå funnstaden Manger, og har gjort Manger-namnet kjent blant geologar i heile verda.  

Bergarten anortositt frå Nærøydalen er bidraget frå Aurland kommune.

Anortositt vert henta ut frå gruver i Aurland og Voss og eksportert til bruk i industriprodukt.

Førekomstane i Aurland og Voss er dei største i Norden og vert sett på som viktige internasjonalt. 

Steinen frå Askøy kjem frå Herdlamorenen øya Herdla. Morenen er namnet på heile endemorenen som vart danna i Hordaland/Vestland i yngre dryas. Det er den siste kalde perioden i isavsmeltinga etter siste istid frå cirka 12 800 til 11 600 år sidan, og isen stoppa ved Herdla.  

Samnanger kommune har bidrege med ein kleberstein til fylkesvarden.

Steinen er henta frå Samnanger historielag sin tur til klebersteinbrotet under Gullfjellet i Samnanger. Kleberstein herifrå har blant anna blitt brukt i restaureringsarbeid på Nidarosdomen og til fleire av statuane der. 

Den devoniske sandsteinen frå Bremanger er danna etter den kaledonske fjellkjeda for 420 millionar år sidan. Steinen er godt eigna som tilslag i asfalt i Europa, der bilane køyrer piggfritt. 

 

Det som skil sandsteinen frå andre er at den er av særs høg kvalitet, og vert eksportert frå Bremanger Quarry til fleire europeiske land. 

Denne steinen er frå Austevoll kommune. 

Den tidleg kraftutbygginga i Dale var viktig for industriutviklinga i Fjaler, og bidraget til fylkesvarden kjem fDalselva, som renn gjennom kommunesenteret Dale.

Vatnet i Dalselva kjem i hovudsak frå reguleringsmagasinet Strandevatn, der Hålandsfossen kraftverk vart sett i produksjon allereie i februar 1918.  

Kommunestyremedlem Arne Normann fann steinen i gatesteinsbrotet på Eidet på Stamnes. Han melde at det var ei spesiell oppleving å gå mellom all steinen som ligg att i steinbrotet.

Gatesteinbrotet på Stamnes vart starta i 1871, og på den tida arbeidde det 16 mann i brotet. Stamnesgneisen er no å finne fleire stadar, som ved Mariakirken, Nykirken og på Nordnes i Bergen. Steinen til fylkesvarden var truleg lagt i ein steinhaug på slutten av 1800-talet. 

Austrheim-steinen er plukka av ukrainske flyktningar i fjæra på friluftsområdet i Årvika. Området var for nokre år sidan kåra av fylkeskommunen til det finaste friluftsområdet i Hordaland, saman med eit området på Herdla på Askøy. 

Gloppen kommune leverte eit eksemplar av kommunesteinen sin, ein kvartsskifer frå steinbrotet Sageflåten, til fylkesvarden.

Kvartsskifer er ein viktig ressurs og blir brukt i stor grad til å lage skiferheller. I Gloppen er det fleire aktive steinbrot ved Breimsvatnet som spesialiserer seg på å ta ut nettopp kvartsskifer.  

Ein bit av konglomeratet som finst i Ulven-området er bidraget frå Bjørnafjorden.

Konglomeratet er danna for om lag 450 millionar år sidan og er truleg restar av ei rullesteinstrand ved oldtidshavet. Ulvenområdet er spart for omdanninga som pregar vestlandsfjella elles, og som har knadd og omforma bergartar slik at dei har lite igjen av dei opprinnelege trekka.

Steinen frå Gulen er frå Oppedal, ved eit steingjerde som skil innmarka frå utmarka. Steinen har truleg komen der i samband med nydyrking i sin tid.

Oppedal og andre indre delar av kommunen har lang tradisjon for bruk av stein i bygningar. Steingjerdet steinen er henta frå, går langs heile bygda, og fire geitefjøs er mura inn i denne muren.  

Steinen til Bømlo vart henta frå Urangsvåg og er ein brustein i granitt laga av bestefar til ordførar Sammy Olsen.

Hogging av gatestein var ein vanleg syssel blant fiskarbøndene i øyane og i nordre Bømlo og Rubbestadneset frå slutten av 1800-talet. Granittblokkene på Bryggen i Bergen er også frå Bømlo, og nesten alt av utandørs trapper elles i byen. «Bergen by er bygd av Bømlostein» står det i boka Steinbyen Bergen.  

Hyllestad er kjent for dei mange steinbrota i Kvernsteinsparken, og råmaterialet til steinen til fylkesvarden er også henta herifrå.

Det er ein granatglimmerskifer, som er bearbeidd av firmaet Åfjordstein.

Granatglimmerskifer har vore grunnlaget for veldig stor produksjon av kvernsteinar i Hyllestad gjennom tusen år. Halvparten av dei store krossane som står langs vestlandsskysten, er produserte i Hyllestad.

Denne steinen er frå Eidfjord kommune. 

Denne steinen kjem frå Høyanger kommune. 

Steinen frå Ulensvang er henta frå Eitrheimsneset, der det har vore sinksmelteverk sidan 1924. Neste år, i 2024, er «Zinken» 100 år. I dag bygger dei eit nytt verk med lågt miljøavtrykk.   

 

Steinen vil ha sterk symbolikk i varden, grunnfjell frå Hardanger, sprengt ut av «mor Noreg» for å gje plass til vasskraftforedla metall frå smelteverka i Tyssedal og Odda. 

Frå det gamle og freda klebersteinsbrotet Klovsteinsjuvet kjem steinen til Etne. Det ligg under garden OsvågSørstranda, høgt oppe i skogen mot fjellet.

Steinen representerer den historiske arven i kommunen. Etne er kjent for si rike kulturhistorie og kongesoga. Samstundes var kleberstein ein viktig ressurs i eldre tider, både som byggestein og bruksgjenstandar før jernet ble oppfunne. 

Denne steinen kjem frå Sveio kommune. 

Luster kommune er innfallsport til tre nasjonalparkar, og steinen til fylkesvarden er henta frå ein av dei; frå foten av Vest-Jotunheimen.

Steinen kan sjåast i samanheng med dei rike og varierte førekomstar av naturresursar i kommunen.

Fedje kommune har levert ein stein av typen gneis til fylkesvarden. Det er den vanlegaste steinen på øya. Steinen til fylkesvarden er henta frå den nye gravplassen, som har vore ein tung og betydeleg investering for kommunen. 

Denne steinen kjem frå Lærdal kommune. 

Tysnes sitt bidrag er vanleg gråstein. Steinen har ikkje noko spesiell utsjånad, men på grunn av forma på steinen er han svært praktisk å bygge varde med.

Han representerer såleis tysnesingen på ein svært god måte: Hen stikk seg ikkje ut, er solid og får jobben gjort.  

Bidraget til Fitjar kommune er henta f åkeren der Harald Hårfagre og Håkon den Gode hadde ein kongsgard. Steinen er eit tydeleg symbol på at Fitjar var ein viktig stad då arbeidet med å etablera Noreg som ein eigen nasjon starta. Denne historia er ein viktig del av identiteten til bygda. 

Bidraget frå Sogndal er ein augegneis, som er henta frå området Esefjorden i Balestrand. Dette er ein typisk stein frå store deler av Sogndal kommune.

Steinen er ein rasstein. Sogndal kommune har mange rasutsette stadar, og auka midlar til rassikring er ei viktig sak for kommunen. 

Denne steinen kjem frå Kvam kommune. 

Steinen frå Solund kan seiast å vere frå ei «forsteina elv». Steinen er av typen konglomerat. Han er danna av mange ulike fragment og er eit spor etter den kaledonske fjellkjeda.

Steinen til fylkesvarden kjem frå Solund idrettspark og er eit symbol på mangfald og fellesskap. Dette kjem til uttrykk i alle dei ulike elementa, fargane og formene som er knytte saman i bergarten. 

Fylkesvardesteinen frå Ulvik er henta frå den gamle løa på Hjeltnes gartnarskule, som i 2018 bytta namn til Hardanger produksjonsskule. Steinen er frå tida då løa vart bygd tidleg 1900-talet.

Steinen symboliserer at Hjeltnes er ein solid grunnstein i Ulvika-samfunnet, som det er viktig å ta vare på og utvikle, også for komande generasjonar.

Hovudvekta av steinen er granitt, men han har også andre innslag og vert då kalla gneis.  

Steinen frå Kvinnerad er ein kleberstein fBergspytt-garden Nordbø på Nes i Rosendal.

Geologar har slått fast at både Kvinnherad kyrkje og Ænes kyrkje har stein frå Bergspytt. Begge kyrkjene er frå 1200-talet, og steinen er synleg i hjørne, rundt vindauge og portalar. 

Bergspytt er eit av dei få stadane i Noreg der du i løpet av ein kort spasertur kan sjå både steinbrotet og kyrkja der steinen er brukt. 

Denne steinen kjem frå Stryn kommune. 

Steinen frå Masfjorden kommune er frå Andvik. Han låg i morenejord og såg dagens lys i samband med utgraving til ein kraftstasjon. 

Sunnfjord kommune har levert ein granittisk augegneis, populært kalla Førde-granitt. 

Den blir brukt som bygningsstein i heile Vestland fylke og passer difor godt til å bli med i fylkesvarden.

Men steinen blir også brukt frå nord til sør i Noreg og faktisk òg utanfor landegrensa. For tek du bussen frå busstasjonen i Vejle i Danmark finn du den også der!

Øygarden har levert ein stein til fylkesvarden som er henta frå Energiparken i kommunen. Energiparken er ei samling kjelder og selskap som bygger oppunder Noregs klimamål og framtidige berekraftige verksemdsområde, og er tilrettelagt for distribusjon til både havs og på land.  

Modalen har gitt ein stein frå Hellandsplatået til fylkesvarden. Det er ein grå granitt/gneis, som er graven ut i samband med uttak av naturmassar og sand.

Det er ein rundstein, funnen i lausmassar, som vart avsette under isavsmeltinga for vel 10 000 år sidan. Lausmassane er blitt ei handelsvare som har gitt arbeid og inntekt til menneske i kommunen dei siste hundre åra.  

Denne steinen kjem frå Vik kommune. 

Osterøy-steinen er ein kalkstein frå Skaftådalen og kalkgruvene der, som var i drift frå 1870 til 1961. Totalt vart det tatt ut om lag fire millionar tonn kalkstein frå gruvene.

Etter bybrannen i Bergen i 1855 vart det stilt strengare krav til at nye bygningar skulle reisast i stein og ikkje trevirke. Paul Gottlieb Rieber reiste rundt for å finna berg som var rike på kalk, og han oppdaga Skaftå i 1870. Det vart sett i gang gruvedrift, og steinen representerer starten på industritida på Osterøy.  

Vangsvatnet kjenneteiknar Voss, og det er langs dette vatnet steinen til fylkesvarden er funnen. Det er ein gneis, den mest typiske i landet og som det er mykje av i Voss herad.

Sjølve steinen har ulike sediment, noko som gir ei fin kopling mellom heradet og produksjon av vossaskifer. 

Ein gneis frå Årdalsfjøra på sørsida av Stadhalvøya er Stad kommune sitt bidrag til fylkesvarden. Gneis er den mest vanlege steinsorten i Noreg.

Årdalsfjøra er ei rullesteinsfjøre, som er eit ynda turmål for mange som besøker den fråflytta og veglause garden Årdal. Steinen representerer den evige havbåra som slår mot Stadthalvøya til evig tid og formar landskapet. 

Steinen frå Stord er ein såkalla «utslettekonglomerat» frå Utslettefjellet i Sagvåg. Det er ein typisk og kjend bergart for området. Konglomerat frå Stord er òg er kjend for å innehalde jaspis, som er ein ugjennomskineleg kvarts eller kalsedon.  

Steinen frå Kinn kommune er frå fjøra i Kråkenes, langt vest i havgapet. Det er ein eklogitt, som var den gamle kommunesteinen for tidlegare Vågsøy kommune - og fylkesstein for tidlegare Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Eklogitten kan vere raud- og grønspetta, og namnet kjem frå gresk og betyr «særleg utvalt». 

Denne steinen kjem frå Årdal kommune.