Beredskap ved krise
Korleis du skal varsle ved krise som angår Vestland fylkeskommune.
Vestland fylkeskommune har ein døgnopen beredskapstelefon til bruk ved kriser som angår ansvarsområda til fylkeskommunen. Den er bemanna av vakthavande direktør.
- Varsel om krisehending til Vestland fylkeskommune sin beredskapstelefon: 409 20 897.
- Varsling av forhald i knytta fylkesvegnettet kan rettast til Vegtrafikksentralen (VTS).
- Ved fare for liv, helse og sikkerheit skal du alltid varsle naudetatane først:
- 110 – Brann
- 112 – Politi
- 113 – Ambulanse
Beredskap i Vestland fylkeskommune
Vestland fylkeskommune har ansvar for å ta i vare tryggleik, tenesteproduksjon, økonomiske verdiar og omdømme knytt til fylkeskommunen sin aktivitet.
Fylkeskommunen si beredskapsplikt er hovudsakleg knytt til: Personell og anlegg i eigen organisasjon, fylkesvegar, sivil transportberedskap og regional planlegging.
Beredskapsarbeidet i fylkeskommunen bygger på ansvarsprinsippet, likhetsprinsippet, nærhetsprinsippet og samvirkeprinsippet.