— Vi kan ikkje sitje stille og vente på at nye oppdrag skal dukke opp. Det står mykje på spel for både arbeidsplassar, næringsliv og lokalsamfunn i Sunnhordland. Med desse tre millionane tek vi ansvar for å halde omstillingsarbeidet i gang, samtidig som vi forventar at staten kjem på bana, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune.
Vedtaket vart gjort i hovudutval for næring 11. november.
Fylkeskommunen er tett på utviklinga
Vestland fylkeskommune løyver dei tre millionane til Stord kommune på grunnlag av ein strategisk plan med tiltak og budsjett.
Aker Solutions sitt verft på Stord er i ferd med å avslutte store offshoreoppdrag. Mangel på nye oppdrag kan få betydelege konsekvensar for underleverandørar, verftet og både faste og innleigde arbeidstakarar.
Verftet har hatt om lag 2 000 fast tilsette og vel 9 000 innleigde arbeidarar, og har kjøpt regionale tenester for om lag 4 milliardar kroner. Dette har gjeve ringverknader og grunnlag for anna næringsverksemd i regionen.
Vestland fylkeskommune er tett på arbeidet i Sunnhordland, og har tidlegare tildelt 500 000 kroner til ein avklarings- og strategifase. No er det er behov for å sikre midlar til omstillingsarbeidet i påvente av statlege omstillingsmidlar.
Analyse viser store konsekvensar
Vestland fylkeskommune har over tid vore uroa for situasjonen. Allereie i vår bad fylkeskommunen om statlege omstillingsmidlar til Stord og Sunnhordland.
Utviklinga får betydelege verknadar og konsekvensar for den samla sysselsettinga i området og for samfunnet rundt, viser ein ringverknadsanalyse gjort av Vestland fylkeskommune.
Grøne oppdrag let vente på seg
Det er over tid bygd opp god kompetanse som kan nyttast i nye næringar innan den grøne omstillinga, men dei store oppdraga har lete vente på seg. Fylkestinget vedtok 30. september ei fråsegn til staten. I brevet datert fylkeskommunen på nytt om statlege omstillingsmidlar, investeringsmidlar og rammevilkår som kan sikre nye oppdrag til industrien. Fylkestinget meiner norsk maritim kompetanse og teknologi vil vere viktig i den grøne omstillinga, men at det krevst konkrete prosjekt og oppdrag som gjer det mogleg for norsk industri å byggje kompetanse og produksjonskapasitet. Fylkestinget ber også staten sikre at ei eventuell utbygging av norsk havvind bidreg til fleire oppdrag for verftsindustrien og leverandørindustrien, og at framtidig havbruk i størst mogleg grad gir ringverknader for norsk leverandørindustri, norske verft og arbeidsplassar langs kysten.