Tomme ordrebøker på Stord: Vestland fylkesting ber staten om hjelp

Store deler av oppdragsgrunnlaget til verftsindustrien på Stord forsvinn dei næraste åra, og tusenvis av arbeidsplassar står i fare. No ber Vestland fylkesting regjeringa om omstillingsmidlar, investeringar og nye oppdrag, blant anna innan havvind.

foto av stord hamn
BER STATEN BIDRA: Situasjonen på Stord kan bli kritisk når verftsindustrien går tomme for oppdrag. Fylkestinget ber no staten om hjelp. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

– Ordrebøkene til Aker Solutions står i fare for å blir tomme, og det får konsekvensar langt utover verftsporten. Underleverandørar og arbeidsplassar i heile Sunnhordland kjenner dette på kroppen. No må staten stille opp, med omstillingsmidlar og nye oppdrag, slik at regionen står støtt på fleire bein, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Fråsegna vart vedteke i fylkestinget 30. september.

Ein svært krevjande situasjon

I fråsegna skriv fylkestinget at Stord og Sunnhordland står i ein svært krevjande situasjon som følgje av utviklinga i verfts- og offshoreindustrien. Store petroleumsretta prosjekt er no i ferd med å bli avslutta, medan nye oppdrag ikkje kjem raskt nok til å erstatte dei. Den store svikten i verftsindustrien vil ramme underleverandørar og tenesteytande næringar, og føre til redusert verdiskaping og tap av arbeidsplassar, heiter det i fråsegna. 

Fylkestinget peikar vidare på at eit fall i sysselsetjinga vil gje store ringverknader i heile Vestland. I fråsegna blir det vist til at Aker Solutions har hatt 2 000 faste og 9 000 innleigde arbeidarar, og kjøpt regionale tenester for om lag 4 milliardar kroner. No vert dei store oppdraga avslutta, utan nye i sikte. Ei sannsynleg nedbemanning vil difor ramme underleverandørar og samfunnet rundt svært hardt, skriv fylkestinget. 

Vidare heiter det i fråsegna at Vestland fylkeskommune arbeider vidare med tiltak i eigen regi og i samarbeid med Stord kommune, Sunnhordlandsregionen og aktuelle aktørar. 

Havvind og maritim kompetanse som veg vidare

I fråsegna skriv fylkestinget at norsk maritim kompetanse og teknologi blir ein viktig del av den grøne omstillinga, både nasjonalt og internasjonalt, men at det krev at det faktisk kjem prosjekt og oppdrag som gjer det mogleg for norsk industri å byggje vidare på kompetanse og produksjonskapasitet. Fylkestinget peikar også på at leverandørindustrien har utvikla løysingar for havbruksnæringa, og skriv at ein må leggje til rette for at leverandørindustrien vidare kan bidra til vekst, verdiskaping og berekraft i havbruksnæringa framover. 

For å sikre tryggleiken til verftsindustrien, underleverandørar og næringsliv i Sunnhordland, meiner fylkestinget at staten må sikre framtidige oppdrag for verfta. I fråsegna heiter det at dette opnar for ei stor moglegheit til å både løfte auka fornybar energiproduksjon og gje oppdrag til verft som allereie er klare til å løfte havvindsatsinga vidare. Staten må også sikre at vidareutvikling av norsk petroleumsindustri kjem norsk leverandørindustri til gode, for å sikre oppdrag for framtida, skriv fylkestinget vidare.

I fråsegna ber Vestland fylkesting staten om:

  • Statlege omstillingsmidlar til Stord/Sunnhordland på statsbudsjettet for 2027 
  • Investeringsmidlar som sikrar infrastruktur for energiforsyning og transport 
  • Handlingsrom for rask omstilling, mellom anna gjennom innovative kontraktar 
  • At Nærings- og fiskeridepartementet spelar ei aktiv rolle i å arbeide for at den unike verftskompetansen på Stord kan gje Stord nye, relaterte oppdrag 
  • At staten sikrar at ei eventuell utbygging av norsk havvind bidreg til fleire oppdrag for verftsindustrien og den øvrige leverandørindustrien 
  • At staten legg til rette for at framtidig havaktivitet i størst mogleg grad gjev ringverknader for norsk leverandørindustri, norske verft og arbeidsplassar langs kysten

Her er heile vedtaket i saka

1. Fylkestinget konstaterer at Stord/Sunnhordland står i ein svært krevjande situasjon som følgje av svikt i oppdrag til verftsindustrien og underleverandørar.  

2. Fylkeskommunen arbeider vidare med både økonomisk og fagleg støtte til utviklings- og omstillingsarbeid i regionen.  

3. Fylkeskommunen skal ha eit sterkt engasjement retta mot statlege styresmakter, om statlege omstillingsmidlar og gode rammevilkår for relevante næringar som er under utvikling og omstilling.  

4. Fylkestinget sender slik fråsegn til statlege styresmaker: 

Fråsegn frå Vestland fylkeskommune til Regjeringa v/Nærings- og fiskeridepartementet og Energidepartementet. 

Stord og Sunnhordland står i ein svært krevjande situasjon som følgje av utviklinga i verfts- og offshoreindustrien. Store petroleumsretta prosjekt er no i ferd med å bli avslutta, medan nye oppdrag ikkje kjem raskt nok til å erstatta dei. Denne store svikten i verftsindustrien vil ramma underleverandørar og tenesteytande næringar og føra til redusert verdiskaping og tap av arbeidsplassar. 

Eit fall i sysselsetjinga vil gje store ringverknader i heile Vestland. Aker Solutions har hatt 2000 faste og 9000 innleigde arbeidarar, og kjøpt regionale tenester for om lag 4 milliardar kroner. No vert dei store oppdraga avslutta utan nye i sikte. Ei sannsynleg nedbemanning vil difor råka underleverandørar og samfunnet rundt svært hardt. 

Vestland fylkeskommune arbeider vidare med tiltak i eigen regi og i samarbeid med Stord kommune, Sunnhordlandsregionen og aktuelle aktørar. 

Norsk maritim kompetanse og teknologi blir ein viktig del av den grøne omstillinga, både nasjonalt og internasjonalt, men det krev at det faktisk kjem prosjekt og oppdrag som gjer det mogleg for norsk industri å byggja kompetanse og produksjonskapasitet. Leverandørindustrien har og utvikla løysingar for havbruksnæringa. Ein må leggje til rette for at vår leverandørindustri vidare kan bidra til vekst, verdiskaping og berekraft i havbruksnæringa for framtida. 

For å sikre tryggleiken til verftsindustrien, underleverandørar og næringsliv i Sunnhordland, må staten sikre framtidige oppdrag for verfta. Dette opnar for ei stor moglegheit til å både løfte auka fornybar energiproduksjon, og gje oppdrag til verft som allereie er klare til å løfte havvindsatsinga vidare. Staten må og sikre at vidareutvikling av norsk petroleumsindustri kjem norsk leverandørindustri til gode, for å sikre oppdrag for framtida. 

Vestland fylkesting ser det som heilt nødvendig med eit sterkt statleg engasjement for tiltak som sikrar oppdrag, omstilling og grunnlag for berekraftig næringsvekst i åra framover. 

Vestland fylkesting ber staten om: 

  • Statlege omstillingsmidlar til Stord/Sunnhordland på statsbudsjettet for 2027 
  • Investeringsmidlar som sikrar infrastruktur for energiforsyning og transport 
  • Handlingsrom for rask omstilling blant anna gjennom innovative kontraktar 
  • At NFD spelar ei aktiv rolle i å arbeida for at den unike verftskompetansen på Stord kan gje Stord nye relaterte oppdrag. 
  • At staten sikrar at ved eventuell utbygging av norsk havvind, skal dette bidra til fleire oppdrag til verftsindustrien og øvrig leverandørindustri. 
  • At staten legg til rette for at framtidig havaktivitet i størst mogleg grad gjev ringverknader for norsk leverandørindustri, norske verft og arbeidsplassar langs kysten. 

Vedtaket på fylkestinget 30. september vart gjort i sak PS 135/2026 Utviklings- og omstillingsarbeid Stord/Sunnhordland