Slik brukar Vestland tilskot til å kutte utslepp
Dette er forteljinga om korleis betong frå gamle bygg kan bli gjenbrukbare byggeklossar.
Vestland fylkeskommune fordelte i fjor 17,7 millionar kroner til 19 utviklingsprosjekt gjennom tilskotsordninga berekraftig verdiskaping.
Eitt av prosjekta som har vakse fram med støtte frå fylkeskommunen, har namnet betong-LEGO. Bak står næringsklynga Building Innovation, som blant anna jobbar med berekraft ogsirkulær økonomi handlar om å ta vare på ressursane gjennom heile verdikjeda, slik at materiale og produkt kan brukast om att i staden for å bli kasta.innan bygg og eigedom. Eit sentralt mål er å hindre unødvendig nyproduksjon og legge til rette for ombruk av byggemateriale.
Klynga har samarbeidsavtale med Vestland fylkeskommune, som både gir økonomisk støtte og deltek som medlem. Midlane gjer det mogleg å tilsetje folk som kan samle aktørar, utvikle prosjekt og teste nye løysingar i praksis.
– Vestland fylkeskommune spelar mange roller for oss, både som samarbeidspartnar, eigedomsaktør og finansieringskjelde, seier Hanne Wetland, prosjektutviklar i Building Innovation.
Frå idé til konkrete prosjekt
Ideen til betong-LEGO oppstod i samband med arbeidet med Griegkvartalet i Bergen, der ein undersøkte ombetongkonstruksjon som blir støypt på stadenkunne skjerast ut i element og brukast på nytt, i staden for å bli rive og sende til deponi.
I dag går mykje plasstøypt betong til deponi og sementproduksjon står for heile åtte prosent av dei globale klimagassutsleppa. Prosjektet tok utgangspunkt i spørsmålet om det er mogleg å etablere eiverdikjeda omfattar alle ledda frå råvarer og produksjon til bruk, gjenbruk og avfallshandtering. for ombruk av betong.
– Når vi jobbar medsirkulær økonomi handlar om å ta vare på ressursane gjennom heile verdikjeda, slik at materiale og produkt kan brukast om att i staden for å bli kasta.handlar det om å få alle ledda til å samhandle. Det må vere økonomisk mogleg, logistisk gjennomførbart og gi meining for alle partar, forklarar Wetland.
Med støtte på 650 000 kroner frå Vestland fylkeskommune vart det finansiert ein prosjektleiar som skulle jobbe med utvikling og dialog på tvers i bransjar. Det vart arrangert workshops der heile verdikjeda var samla, frå byggherre og rådgjevarar til entreprenørar og aktørar innan avfall og logistikk.
Har fått ringverknader
Arbeidet med Betong-LEGO har ført til fleire vidare initiativ, også utanfor klynga. Mellom anna har Brødrene Ulveseth søkt klimasatsmidlar saman med Bergen kommune for å teste betongombruk ved Rolland skule. Det er òg initiativ på Dokken, der ein ønsker å samanlikne tradisjonell riving med produksjon av Betong-LEGO for to samanliknbare bygg.
Fleire aktørar med oppstartsselskapet Rockslice i spissen, deltek no i ein større Grønn plattform- søknad som er eigd av Sintef. Grønn plattform er Forskningsrådet, Innovasjon Norge og Siva si støtteordning til forsknings- og innovasjonsdriven grøn omstilling i næringslivet. Ordninga gir rom for å søkje om 30–80 millionar kroner per prosjekt.
Arbeidspakken det vert søkt støtte om er stor, og går på å utvikle vidare verdikjede for Betong-LEGO. Vestland fylkeskommune er med i søknaden, og deltek som byggherre. Målet er å undersøke moglegheiter for meir berekraftig gjenbruk av infrastruktur, til dømes kaiar og bruer.
– Ingen av desse initiativa ville blitt sette i gang utan at vi først fekk støtte til det førebuande arbeidet, seier Wetland.
Alle ledd må vere med frå start
Sirkulær økonomi krev systemforståing. Det handlar om materiala si reise gjennom heile verdikjeda, frå demontering til ny bruk. Logistikk, geografi og marknadsstruktur er ofte dei største hindera.
– Veldig mykje byggjemateriale blir produsert utanfor Noreg, og verdikjedene er oftast globale. Men òg innanfor fylkesgrensene i Vestland er dette ei utfordring, fortel Wetland.
Ho bruker eit døme frå avfallssektoren for å forklare kvifor sirkulær økonomi krev meir enn enkeltståande tiltak.
– Ta til dømes Bergen kommune sitt prosjekt for gjenvinning av tørkepapir, der Vestland fylkeskommune òg er med. Her handlar det om å hente inn tørkepapir frå toaletta og gjenvinne det, i staden for at det blir brent. For å få til dette må alle ledd vere med, frå fabrikken som lagar papiret, via importør og kunde, til reinhaldsselskap og avfallsaktør, seier Wetland.
Ho peikar på at mange sirkulære løysingar er dyrare i starten, fordi systema ikkje er ferdig bygde.
– I ein tidleg fase tek det gjerne lengre tid og kostar meir. Men etter kvart, når løysingane fell på plass, kan det bli både meir effektivt og rimelegare. For å forstå sirkulær økonomi må aktørane sjå seg sjølve som del av eit større system. Du må opp i luftballongen og sjå korleis alle ledd påverkar kvarandre, seier Wetland.
Særleg i bygg‑ og eigedomssektoren er handtering og logistikk ei utfordring, ifølgje Wetland. Lange avstandar, få mottak og høge transportkostnader gjer ombruk krevjande i eit langstrakt og spreidd fylke.
Offentleg rolle og læring over tid
Vestland fylkeskommune er involvert både som finansieringsaktør, eigedomsforvaltar og kravsetjar. Innan bygg og eigedom er det ofte det offentlege som stiller krav til ombruk, kjeldesortering og miljø, og som kan bruke verkemiddel som klimamidlar til å teste nye løysingar.
Direktør for næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune, Bård Sandal, seier at dette er kjernen i ordninga:
– Tilskota til berekraftig verdiskaping skal gi rom for å samle aktørar, teste nye løysingar og bygge verdikjeder som elles er vanskelege å få i gang. Målet er å få fram prosjekt som kan utviklast vidare over tid, gjennom samarbeid mellom næringsliv, offentlege aktørar og kunnskapsmiljø, seier Sandal.
Donorbygg: frå Vestland og ut i landet
Prosjektet Donorbygg er eit anna døme på korleis offentlege midlar kan legge grunnlaget for løysingar som kjem fleire til gode. Donorbygg.no er eit ikkje‑kommersielt verktøy for å dele informasjon om byggemateriale som framleis er i donorbygga. Det betyr at det ikkje er demontert, men Når eit bygg er ombrukskartlagt, blir materiala i bygget kartlagde for å finne ut kva som kan demonterast og brukast på nytt i andre prosjekt, i staden for å bli kasta.. Ein kan både søke på spesifikke materialar i sin region og legge ut bygget sitt, slik at andre kan ta kontakt for å ta over byggematerialane.
– Forprosjektet til donorbygg.no vart finansiert av både Vestland fylkeskommune og Bergen kommune. Building Innovation har etter dette gått i samarbeid med Grøn Vekst i Drammen, og dei har teke prosjektet vidare til den versjonen vi har i dag. Det er eit godt døme på samarbeid mellom regionar for å løyse behov alle har. Vi er no i dialog med fleire kommunar og offentlige instansar om vegen vidare. Det er godt å sjå at eit initiativ frå Vestland kan bety noko for heile landet, seier Wetland.
Dette har kome ut av støtta så langt
Døme frå arbeidet i Building Innovation‑klynga viser kva slik støtte kan føre til:
- Prosjektet Betong‑LEGO, der ein testar om plasstøypt betong kan skjerast ut, demonterast og nyttast om att i nye byggeløysingar
- Fleire workshopar der heile verdikjeda er samla, frå byggherre til avfallsaktør
- Vidare søknader om Klimasatsmidlar og Grønn plattform, som bygger vidare på førebuande arbeid
- Prosjekt knytt til Dokken‑området i Bergen, der er ein ønskjer å undersøkje ulike metodar for riving og ombruk
- Utvikling av Donorbygg, eit ikkje‑kommersielt verktøy for deling av informasjon om byggemateriale i bygg som kan brukast om att
Fleire av desse initiativa ville ikkje vore mogleg å starte utan støtte til det første utviklingsarbeidet.
Slik verkar tilskotsordninga berekraftig verdiskaping
Vestland fylkeskommune si tilskotsordning berekraftig verdiskaping skal gi støtte til utviklingsarbeid og samarbeid som kan bidra til meir berekraftige løysingar i næringslivet i Vestland.
Ordninga blir brukt til å:
- Samle aktørar frå ulike delar av ei verdikjede
- Finansiere førebuande arbeid, som prosjektleiing, testing og kunnskapsutvikling
- Utvikle og teste nye arbeidsmåtar og løysingar før dei kan takast vidare i større prosjekt
Målet er å setje i gang prosjekt som elles kan vere vanskelege å realisere, fordi dei krev samhandling, nytenking og investering i tidlege fasar.
I år er det kome inn 87 søknader på til saman 83 millionar kroner.
Ramma er på 18 millionar kroner. Tildelingane skjer 18. juni.
Les meir om Betong-LEGO hos Building Innovation