24 natur- og klimamillionar til Vestland

Vestland fylkeskommune får over 24 millionar kroner i støtte frå Miljødirektoratet til klima- og naturarbeid. Midlane går til fylkeskommunen sitt arbeid med Grøn Region, klimavenleg sement, utsleppsfrie anleggsplassar og planvask.

foto av folk som er på sykkeltur i Bergen og har teke ein pause
UTSLEPPSFRI OPPGRADERING: Klostergaten og Hagerups veg i Bergen sentrum skal oppgraderast. Vestland fylkeskommune har fått Kllimasats-midlar for å gjere anleggsdrift og transportlogistikk knytt til prosjekta utsleppsfrie. Arbeidet skal blant anna betre framkomsten for gåande og syklande. (Illustrasjonfoto: Liz Eva Tøllefsen/Vestland fylkeskommune)

Klimasats er ei støtteordning for kommunar og fylkeskommunar som vil redusere utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet.

– Klimasats-midlane er heilt avgjerande for at vi skal kunne gå frå klimasnakk til konkret handling. Vestland fylkeskommune har høge klimamål, og mange prosjekt som er i tråd med regjeringa sine klimamål etter Paris-avtalen. Samstundes er fleire av desse prosjekta dyrare enn det fylket har økonomi til å finansiere åleine. Difor er Klimasats-midlane ein føresetnad for at vi skal nå klimamåla vi har sett oss, mellom anna gjennom Grøn region Vestland, seier fylkesordførar Jon Askeland om tildelinga.

Desse prosjekta har fått støtte frå Klimasats

  • Klimavenleg sement i vegprosjekt
    Avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune får 6,2 millionar kroner i støtte til bruk av klimavenleg sement ved punktutbetring i samband med oppgradering av fylkesveg 5198 Nye Sædalsvegen i Bergen.

  • Grøn region Vestland
    Grøn region Vestland får 5 millionar kroner til Vestlandsporteføljen 2026–2. Midlane skal brukast til å koordinere samarbeid og drive fram konkrete klimatiltak i industrien i Vestland, mellom anna gjennom nettverk, oppfølging og utvikling av løysingar for utsleppskutt.

  • Auka kapasitet i kollektivtrafikken
    Prosjektet får 300 000 kroner til å kartleggje og vurdere vegar som i dag hindrar bruk av større og elektriske bussar. Målet er å kunne auke kapasiteten og nå høgare klimaambisjonar i kollektivtrafikken.

  • Utsleppsrapportering for fylkesvegprosjekt
    Tiltaket får 750 000 kroner til å utvikle ei digital løysing for rapportering av klimagassutslepp i fylkesvegprosjekt. Løysinga kan vere ei ny løysing eller ei vidareutvikling av ei eksisterande. Målet er meir brukarvennleg rapportering for både entreprenørar og byggherre. Fylkeskommunen vil samarbeide med andre fylke slik at løysinga kan nyttast av fleire vegeigarar.

  • Utsleppsfri anleggsplass – Klostergaten
    Prosjektet får 3 285 000 kroner og vert gjennomført av Miljøløftet i samarbeid med Bergen kommune. Målet er betre framkome for gåande og syklande, styrking av gata som sosialt byrom, og samstundes god tilkomst for biltrafikk.

  • Utsleppsfri anleggsplass – Hagerups veg
    Tiltaket får 2 900 000 kroner. Hagerups veg i Bergen kommune skal utbetrast for å gi eit meir attraktivt og trafikksikkert tilbod for syklande, samstundes som trafikksikkerheita blir betre for alle trafikantgrupper.

Til Vestland fylkeskommune sine Klimasats-søknader 2026

To millionar til «planvask»

Gjennom Natursats-midlane kan kommunar, fylkeskommunar og Longyearbyen lokalstyre søkje om tilskot til å utarbeide eller revidere kommunedelplanar for naturmangfald, gå gjennom eldre arealplanar eller gjennomføre andre lokale tiltak for å ivareta naturmangfald.

  • Vestland fylkeskommune har fått 2 millionar kroner til gjennomgang av eldre arealplanar. Tiltaket skal bidra til meir oppdatert og kunnskapsbasert arealbruk, og betre samsvar mellom planar og dagens mål for natur, klima og samfunnsutvikling.

    Tilskot til naturrestaurering

  • Avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune har gjennom støtteordninga "tilskot til naturrestaurering" fått 3 800 000 millionar kroner i tilskot til naturrestaurering for å tilbakeføre 1,4 km med smal nedlagt veg i skredutsett terreng tilbake til naturen (tidlegare fv. 500).

    Tilskot til tiltak for å ivareta natur

  • Avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune har gjennom støtteordninga "tilskot til tiltak for å ivareta natur" fått 100 000 kroner i tilskot til tiltak for å ivareta naturen: utarbeiding av tiltaksplan for framande artar.

Retting: Opphavleg overskrift i denne saka var 20 klima-millionar til Vestland. Dette talet vart justert til 24 onsdag 29. april kl 16:05.