Set fullt trøkk på E39: – Vi skal stå samla

Dei tre fylkesordførarane i Vestlandsrådet har signert ei felles erklæring om Vestlandsvegen E39. Dei vil arbeide for at E39 igjen blir prioritert som eit nasjonalt hovudprosjekt i komande Nasjonal transportplan.

foto av tre personar som går medan dei snakkar.
VIL HA RASKARE REALISERING: Vestlandsrådet ved fylkesordførarane Jon Askeland (Vestland), Anders Riise (Møre og Romsdal) og Ole Ueland (Rogaland) inviterte til mobiliseringskonferanse for E39 i april i år. No har dei signert ei felles erklæring om å jobbe knallhardt vidare til E39 Vestlandsvegen er realisert. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Arendalserklæringa om Vestlandsvegen E39 vart signert under Arendalsuka måndag av fylkesordførarane Jon Askeland i Vestland, Anders Riise i Møre og Romsdal og Ole Ueland i Rogaland.

– Vårt einaste mantra er ferjefri E39 og mest mogleg verdiskaping på Vestlandet, slik at resten av landet kan ha noko å leve av. Erklæringa seier at vi skal jobbe knallhardt vidare til alt er ferdig bygd, sa Jon Askeland, leiar for Vestlandsrådet og fylkesordførar i Vestland, under arrangementet.

Langs E39-korridoren blir store delar av eksportinntektene til landet skapte innan sjømat, maritim næring, energi, industri, reiseliv og teknologi. I erklæringa peikar dei tre fylkesordførarane på at ein moderne og samanhengande E39 er avgjerande for konkurransekraft, beredskap, arbeidsmarknad og busetjing langs heile Vestlandet.

foto av to personar på talarstol
KLARE BODSKAP: Fylkesordførarane Jon Askeland (Vestland) og Anders Riise (Møre og Romsdal) delte erklæringa med omverda under arrangementet "Kva skal til for å få fart på Vestlandsvegen E39?" på Arendalsuka måndag. Fylkesordførar Ole Ueland (Rogaland) deltok digitalt. (Foto: Thomas Finnøy/Møre og Romsdal fylkeskommune)

Vil ha forpliktande plan

I erklæringa peikar fylkesordførarane ut fire område dei vil arbeide for. Dei vil at Vestlandsvegen E39 igjen skal bli prioritert som eit nasjonalt hovudprosjekt i komande Nasjonal transportplan, og at det kjem ein forpliktande plan for utbygging av dei attståande delstrekningane og fjordkryssingane.

Dei vil også at alternative finansierings- og gjennomføringsmodellar blir vurderte for å få ei raskare realisering av prosjektet. Samtidig slår dei fast at dei tre vestlandsfylka skal stå samla i arbeidet for å få gjennomført heile Vestlandsvegen.

– Vi stadfestar einigheita om å satse på E39 Vestlandsvegen. Det er viktig for alle dei tre vestlandsfylka, sa fylkesordførar i Møre og Romsdal, Anders Riise.

Han peika også på behovet for å løfte E39 inn mot arbeidet med ny Nasjonal transportplan, og på betydninga vegen har for næringslivet.

foto av folk i sal på båt
FULL SAL PÅ VESTLANDSBÅTEN: Mange hadde teke turen til MS Sandnes for å få med seg arrangementet om E39 Vestlandsvegen. (Foto: Thomas Finnøy/Møre og Romsdal fylkeskommune)

– Skal setje fullt trykk på

Også fylkesordførar i Rogaland, Ole Ueland, trekte fram kva E39 betyr for å knyte Vestlandet tettare saman.

– E39 er viktig for å binde heile landsdelen vår saman, og har stor betydning for næringslivet, for folk og trafikksikring, og ikkje minst for effektiv transport. Dette samarbeider vi om, og dette skal vi setje fullt trykk på, sa Ueland.

Arendalserklæringa avsluttar med at arbeidet skal halde fram til Vestlandsvegen er realisert.

foto av dokument som er signert
ARENDALSERKLÆRINGA: "Vi som har skrive under denne erklæringa står samla om å arbeide for raskare realisering av Vestlandsvegen E39. Arbeidet held fram til Vestlandsvegen er realisert", heiter det mellom anna i erklæringa. (Foto: Thomas Finnøy/Møre og Romsdal fylkeskommune)

 

Sjå arrangementet om E39 Vestlandsvegen på Arendalsuka i opptak 

Les meir om Vestlandsrådet