Nye reglar for spelemiddelordninga

Her får du vite kva dette betyr det for kommunane, lag og organisasjonar og fylkeskommunen.

Fotballbaner
ANLEGG: Ein stor del av spelemidlane frå Norsk Tipping går til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. (Illustrasjonsfoto frå Florø: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Spelemidlane er overskotet frå Norsk Tipping. Midlane blir kvart år fordelte frå Kultur- og likestillingsdepartementet til fylkeskommunane, som igjen fordeler midlane til godkjende søkjarar som kommunar, lag og organisasjonar. Spelemidlane vert fordelte til anlegg for idrett og fysisk aktivitet.

Spelemiddelordninga er ei søknadsbasert ordning og ikkje ei rettigheitsbasert ordning og har strenge krav til behovsvurdering i anleggsforskrifta.

 

Fram til no har spelemiddelordninga vore styrt av statlege føresegner, men frå søknadsåret 2027 er ordninga heller styrt av den nye anleggsforskrifta. Ei forskrift er eit strengare sett med krav enn ei føresegn.

For fylkeskommunen inneber endringane å leggje til rette for ei tydeleg og føreseieleg saksbehandling. For søkjarane er det endringar i kven som kan søkje og  nokre tilskotssatsar er endra. Fordelinga til fylkeskommunane frå Kultur- og likestillingsdepartementet er endra etter at anleggsforskrifta vart vedteken.

Fylkeskommunen orienterte om endringane i spelemiddelordninga under Styrke i samspel-dagane i Bergen 15. oktober.

Dette betyr endringane i praksis

Tidlegare har mange opplevd spelemiddelordninga nærast som ein rett. Dersom søknaden var formelt i orden, var det stort sett venta at søkjaren før eller seinare fekk tilskot.

Den nye forskrifta stiller auka krav til å vurdere behov. Fylkeskommunen skal i større grad prioritere søknader etter ulike kriterium som levekårsutfordringar, underdekning av anleggstypar, og anlegg som legg til rette for sambruk og fleirbruk. I tillegg kan fylkeskommunane tildele etter andre politisk vedtekne kriterium.

Fylkeskommunen får såleis eit sterkare regionalt handlingsrom for å løfte fram viktige prosjekt.

For Bergen og Askøy: pressområdetillegget fell bort

Tidlegare fekk kommunar som er definerte som pressområde eit tillegg på 15 prosent oppå ordinær tilskotssats. I Vestland gjaldt dette Bergen og Askøy, men dei mistar no den automatiske retten til ekstra tilskot for nye søknadar. I den nye forskrifta får fylka Troms, Finnmark, Svalbard, Nordland, regionen Namdalen og storbyen Oslo ekstra tilskot.

Det er innført ei overgangsordning for søknadsordning på 2027 for søknader i Bergen og Askøy som er fremja på nytt.

Endring for lag og organisasjonar som kan søkje til nærmiljøanlegg

Burettslag, velforeiningar og grendelag kan ikkje lenger få spelemidlar til nærmiljøanlegg. Eit nærmiljøanlegg er anlegg for eigenorganisert  fysisk aktivitet for barn og unge i nærmiljøet. I den nye forskrifta kan kommunar, idrettslag og aktørar innan friluftsliv søkje om støtte til slike anlegg

For fylkeskommunen: strengare krav til saksbehandlinga

Når ordninga er forskriftsfesta, vert det mindre rom for skjønn. Alle vurderingar må no forankrast i ein konkret paragraf til anleggsforskrifta. Fylkeskommunen må også skilje tydelegare mellom rådgjeving til søkjarar og den formelle saksbehandlinga.

Samstundes har fylkeskommunen fått eit større forvaltingsansvar. Oppgåver som tidlegare låg hjå Kultur- og likestillingsdepartementet, mellom anna godkjenningar og dispensasjonar, er no flytta til fylkeskommunen.

Ei kvinne og ein mann framfor ein skjerm med teksten Forskrift spelemidlar - Styrke i samspel.
Stine Emilie Konradsen og Atle Skrede er to av saksbehandlarane i Vestland fylkeskommune som jobbar mykje med spelemiddelordninga, med å ta imot søknadar, gje råd til søkjarar og mykje anna. På Styrke i samspel-dagane orienterte dei om endringane i ordninga saman med kollegaane Beate Dybendal Nordvik og Rune Åland. (Foto: Ronny Lockers/Norges idrettsforbund)

Ny temaplan under arbeid

Vestland fylkeskommune arbeider no med ein ny temaplan for anleggspolitikk, som skal forankrast i den nye forskrifta. Planen er venta på høyring over nyttår, med endeleg vedtak i fylkestinget i juni 2027. Den nye politikken skal gjelde for tildeling av tilskot frå og med 2028.

Lurer du på noko?

Du kan lese meir om spelemiddelordninga og finne kontaktperson for kommunen din på denne sida.