Fordelte dei siste 5,6 millionane frå Regionalt kulturfond Vestland
Mange kommunar og nokre andre aktørar får tilskot til kunst- og kulturformidling til personar over 67 år.
Hovudutval for kultur, idrett og inkludering hadde møte 16. september og fordelte då til saman 5 610 000 kr frå Regionalt kulturfond Vestland, som skal gå til kulturformidling til eldre.
Kunst og kultur for alle
43 prosjekt i 37 kommunar får til saman 5,6 millionar kroner i tilskot til ulike kunst- og kulturopplevingar, inkluderande møteplassar, musikkterapi og andre tiltak.
– Å få oppleve og delta i kulturelle aktivitetar, om det er å syngje, lytte til musikk eller oppleve scenekunst, det held hjernen aktiv og kognitive funksjonar ved like. Å oppleve ting saman, motverkar einsemd og fyller tida med noko meiningsfullt. Vestland skal vere eit aldersvennleg fylke. Difor øyremerkar vi ein såpass stor del av årets tildeling frå Regionalt kulturfond Vestland til denne gruppa, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Mange av tiltaka som no får støtte, har før gått inn under den tidlegare tilskotsordninga Den kulturelle spaserstokken for profesjonell kunst- og kulturformidling over 67.
Her kan du sjå ei fullstendig oversikt over tildelinga frå Regionalt kulturfond Vestland, som hovudutvalet gjorde i møtet 16. september (pdf). Alle tilskota er fordelte for eitt år.
Har fordelt til saman 27 millionar
Mesteparten av den samla tildelinga på over 27 millionar kroner frå Regionalt kulturfond Vestland i år, vart fordelt i hovudutvalsmøtet 26. august. Sjå kva tildelingar som vart gjort i den runden.