Over 27 millionar kroner til prosjekt i kulturlivet
Tilskota frå Regionalt kulturfond Vestland kjem både det profesjonelle og frivillige kulturlivet i fylket til gode.
– Vi har etablert landets desidert største regionale kulturfond på over 27 millionar kroner. Det kjem i tillegg til det vi tildeler av driftstilskot og anna. Formålet med regionalt kulturfond er å bidra til nyskaping og utvikling, for sjølv Noregs leiande kulturfylke treng å stadig tenke nytt. Fondet er eit viktig verktøy for oss i fylkeskommunen for å forløyse det store potensialet som vi ser i bygd og by rundt om i Vestland, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Hovudutvalet fordelte tilskota frå Regionalt kulturfond Vestland i møtet 26. august.
Variert og mangfaldig kulturliv
Tilskota frå Regionalt kulturfond Vestland varierer frå 10 000 kr og opp til ein million kroner. Dei fleste tilskota blir tildelte for eitt år, men nokre også for to og tre år. Du finn ei samla oversikt over dei som har fått tildelt midlar nedst i saka.
– Det er dette mangfaldet som gjer Vestland til det leiande kulturfylket i landet. Alle gjer kvar på sitt vis ein viktig innsats for å sikre eit godt både profesjonelt og frivillig kulturliv for alle oss som bur her. Fylkeskommunen satsar målretta på kultur, noko eg håpar motiverer Vestland: Både dei som får tilskot no, dei som søkjer på framtidige utlysingar og ikkje minst staten, kommunar, stiftingar og andre som er med på å finansiere kulturlivet. Skal vi forløyse det store potensialet som bur i kulturlivet i Vestland, treng vi å løfte saman, seier Nødseth.
Skal styrke samspelet
Regionalt kulturfond Vestland skal stimulere til auka aktivitet og deltaking i kulturlivet. Det skal styrke samspelet mellom profesjonelt og frivillig kulturliv, forsterke lokal og regional kulturfrivilligheit og bidra til auka kvalitet på kunst- og kulturtilbodet.
5 450 000 kr av dei utlyste midlane i Regionalt kulturfond Vestland skal gå til profesjonell kulturformidling til personar over 67 år. Hovudutvalet gjennomførte ikkje tildeling i denne kategorien i møtet 26. august, men vil kome tilbake til det i møtet i september.
Kva prosjekt nær deg får tilskot?
På lenka under kan du sjå kva prosjekt som får tilskot og kor mykje dei får, sortert etter kva kommune søkjar er registrert i. Fleire av dei som får tilskot kan vere registrerte i t.d. Bergen, men ha ein viktig funksjon for heile eller store delar av Vestland.