Ein million til tre landbruksprosjekt i Vestland
Prosjekta spenner frå bringebærproduksjon i Sogn og Nordfjord og fruktdyrking i Hardanger, via kompetansedeling for unge bønder i Hordaland.
Hovudutval for næring tildelte 25. august regionale tilretteleggingstiltak i landbruket til tre prosjekt innan landbruk, matproduksjon og reiseliv i Vestland. Prosjekta skal bidra til auka kunnskap, betre ressursutnytting og sterkare samarbeid i næringa.
– Landbruk er ei viktig næring. Desse prosjekta viser at landbruket i Vestland er i utvikling. Vi støttar prosjekt som byggjer kunnskap, styrkar samarbeid og bidreg til at meir mat frå Vestland når forbrukaren. Det er også viktig beredskap, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune.
Vil snu nedgang i bringebærproduksjonen
Vestland hadde i 2016 nær 90 prosent av all norsk bringebærproduksjon til industri. Sidan då har produksjonen vorte halvert, samstundes som etterspurnaden har auka. No går fire pakkeri i Sogn og Nordfjord saman for å snu denne utviklinga.
Innvik Fruktlager SA, Sogn Frukt og Grønt SA, Luster Grønt SA og Sogn Grønt AS får til saman 608 500 kroner til prosjektet "Auka vekst av bringebær industri (BBI) i Sogn og Nordfjord". Prosjektet skal kartlegge marknadsbehovet, den økonomiske situasjonen for dyrkarane og moglegheitene for å auke produksjonen. Målet er at norsk industri igjen skal kunne produsere norsk-merka sylte, saft og sider av vestlandsbær.
– Det er svært positivt at dei fire pakkeria går saman om dette. Samarbeid på tvers er ofte det som skal til for å få til reell endring i ei næring, seier Handegard.
Unge bønder i sentrum: Bønder lærer av kvarandre
Hordaland Bonde- og småbrukarlag får inntil 160 000 kroner til fire lågterskel KRAFT-arrangement i 2026 og 2027. Prosjektet byggjer på ideen om at praktisk og erfaringsbasert kunnskap om utradisjonelle driftsformar vert best formidla direkte frå bonde til bonde.
Ein sentral del av prosjektet er ungdomssatsinga: KRAFT rettar seg særleg mot unge og framtidige bønder mellom 18 og 30 år. Vestlandstreffa er ei årlege helgesamling for unge bønder med heile Vestland som målgruppe, medan dei fire lågterskelarrangementa vert arrangerte rundt om i Hordaland. Gjennom desse samlingane skal dei få eit fagleg og sosialt fellesskap der dei kan lære av kvarandre og bli inspirerte til ei framtid i næringa.
Kartlegg unytta frukt i Hardanger
Fruktnæringa i Hardanger veit for lite om kor mykje utsortert og ikkje-hausta frukt som finst kvart år. Ullensvang Fruktlager SA får inntil 200 000 kroner til eit kartleggingsprosjekt som skal gje næringa eit betre kunnskapsgrunnlag. Særleg for plommer, morellar og pærer kan mengda variere mykje mellom sesongane. Kartlegginga er eit første steg mot å utnytte desse ressursane betre og redusere matsvinn.
Midlar sett av til Smakslandet Sunnfjord
Hovudutvalet har i tillegg sett av 1,4 millionar kroner til det treårige prosjektet Smakslandet Sunnfjord ved Sunnfjord utvikling AS. Prosjektet skal utvikle Sunnfjord som ein leiande region for verdiskaping i samspelet mellom landbruk, matkultur og berekraftig reiseliv. Direktør for plan, næring og innovasjon får fullmakt til å godkjenne endeleg prosjektplan i dialog med søkjar før midlane vert utbetalt.
Om støtteordninga
Midlane til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket skal legge til rette for regional næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving med mål om å styrkje verdiskapinga i landbruket. Vi støttar tidsavgrensa utviklingsprosjekt som bidrar til å realisere mål og strategiar i Temaplan landbruk for Vestland fylke 2023-2027. Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar kan søkje. Det blir ikkje gitt bedriftsretta støtte. Det er løpande søknadsfrist.