Bibliotekturné om antirasisme til fem vestlandskommunar
Det blir opne dialogmøte om rasisme og antirasisme på fem folkebibliotek i haust.
Vestland fylkeskommune og Likestillingssenteret på Vestlandet samarbeider i haust om bibliotekturneen i Vestland. Vi startar i Øygarden 29. oktober, og det siste møtet blir i Kvinnherad 18. november.
Turneen er del av oppfølginga av fylkestingsvedtaket om Vestland som antirasistisk sone.
Dialog, refleksjon og erfaringsdeling
Møta skjer på det lokale biblioteket i kvar kommune, i samarbeid med biblioteka og innbyggartorga på staden. På møta får deltakarane mellom anna snakke om kva rasisme er, og korleis det kjem til uttrykk i kvardagen. Det blir lagt opp til diskusjon om korleis vi kan fremje like moglegheiter for deltaking og tilhøyrsle i lokalsamfunnet. Det blir lagt opp til dialog og refleksjon mellom deltakarane og høve til å dele eigne erfaringar.
Biblioteka er valde som arena fordi dei er opne, lågterskel-møteplassar som dei fleste innbyggjarar kjenner og brukar.
Vestland som antirasistisk sone
Fylkestinget i Vestland vedtok i 2020 at fylket skal vere ei antirasistisk sone. Det inneber at fylkeskommunen aktivt skal arbeide for å avdekke og motverke rasisme, både i eigen organisasjon og i samfunnet elles. Biblioteksturneen er finansiert gjennom prosjektet "Vestland fylke som antirasistisk sone", som har fått tilskot frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
Les meir om og meld deg på dialogmøta: