Ny nettstad tek vare på historia om vestlendingen
På kringom.no finn du historia om vestlendingen, fortalt av vestlendingen. Du kan lese om blant anna såpeslippen i Fjaler, om den viktige rolla båtreparatørane har spelt i vestlandshistoria og veldig mykje anna.

– Her tek vi vare på unike historier om kultur- og naturhistoria i fylket. Kringom byggjer på dei solide kunnskapsbasane frå Grind i Hordaland og Kulturhistorisk leksikon i Sogn og Fjordane. Dette er viktig dokumentasjon for Vestland, og ved å ta vare på og revitalisere dette slik vi gjer no, tek vi vare på den fantastiske kulturarven vår, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Kringom.no vart lansert tidlegare i vinter, og i dag, 18. mars, fekk fylkestinget eit innblikk i alt gullet Kringom rommar. Nettstaden er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Universitetet i Bergen..

– Det ein kjenner, tek ein vare på
– Vi feirar i år at Universitetsmuseet i Bergen i 200 år har forvalta den felles historia og kulturarven vår. Museet var starten på det som seinare skulle blir Universitetet i Bergen, som er ein berebjelke i både ånds- og arbeidsliv i heile fylket, ja heile landet! For fylkeskommunen har dei vore ein stabil og viktig samarbeidspartnar på eit breitt saksfelt, og i dag skal vi markere eitt av desse litt ekstra, seier fylkesordføraren.
Rektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen deltok også på markeringa i fylkestinget.
– Det ein kjenner, tek ein vare på. Difor er kringom.no så viktig. Ved å formidle den felles kultur- og naturhistoria vår på ein brukarvenleg og engasjerande måte bygger kringom.no både kjennskap og stoltheit i Vestland. Samarbeidet mellom Vestland fylkeskommune, avdeling for kultur og folkehelse og Universitetet og Universitetsmuseet i Bergen har resultert i ein stor ressurs både for Vestland og for oss vestlendingar, seier rektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen.

Såpeslipp, bastetog og båtreparatørar
Men kvifor skal du oppsøke akkurat kringom.no når internett er fullt av informasjon om det aller meste? Det unike med Kringom er at her er det samla mykje informasjon som ikkje finst andre stadar. Det er natur- og kulturhistoriske artiklar, som er skrivne av fagpersonar med svært god kjennskap til kjeldene og temaområda dei skriv om.
Du kan lese om såpeslippen i Våge i Fjaler, om den gamle trehandverkstradisjonen bastetog, og om den viktige og heilt nødvendige rolla båtreparatørane har hatt i kystsamfunna langs vestlandskysten.
– Vestland har ei rik historie, og vi ønskjer at flest mogeleg skal kjenne til og forstå ho. Difor har vi samla og vidareutvikla desse ressursane, slik at dei kan nå ut til endå fleire. Besøkstala på nettsida så langt viser at interessa er stor! Håpet er at kringom.no speglar både Vestland og vestlendingen, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Oppmodar vestlendingane til å bidra
Framover vil både Vestland fylkeskommune og Universitetet i Bergen jobba med å vidareutvikla Kringom. Det kjem blant anna nye artiklar om prosjekt som utvandrarjubileet, kyrkjekunsten i fylket og om dagsturhyttene. Og sidan Kringom skal vere historia OM vestlendingen fortalt AV vestlendingen, så er innspel frå vestlendingen sjølv veldig velkomne.
– Stort og smått er av interesse. Kriteriet er at det er viktig for oss som bur her. Eg oppmodar alle vestlendingar til å ikkje vere smålåtne og tenkje at «dette bryr nok berre eg meg om». Ta kontakt med redaksjonen for nettsida og lat dei avgjere det, oppmodar fylkesordføraren.
Dette er Kringom
Fylkestinget fekk gjennom filmen under eit innblikk i Kringom og alt nettstaden rommar.
Dette var Kringom
Dei observante, kanskje særleg i den nordlege delen av fylket, kjenner kanskje Kringom-namnet frå før. Dette var nemleg namnet på kollektivselskapet i tidlegare Sogn og Fjordane.
– Men no byr Kringom på noko heilt anna: Ei digital rundreise i heile Vestland. Som de veit er vi glade i både gjenbruk og sirkulærøkonomi, slår fylkesordføraren fast.