Asfalterer for 120 millionar

153 kilometer med veg får nytt dekke i løpet av året.

Gult køyretøy jamner ut nylagt svart asfalt. På vegen ved sida av er det grus. Fleire maskinar og menneske er på arbeid eit stykke unna. De går alle i gule kle.
ETTERLENGTA: Mange av vegane på lista har lenge venta på nytt dekke. Foto: Ole Skaten, Bladet Tysnes
  • Oppsummering: Vestland fylkeskommune har fått 120 millionar kroner til nytt vegdekke i 2025.
  • Fire kontraktar er fordelt, ein av dei strekkjer seg over to år.
  • Veidekke Industri AS har fått den to-årige kontrakten som dekker heile Vestland.
  • Totalt skal det leggjast 41 000 tonn asfalt over to år (21 000 tonn i 2025 og resten i 2026).
  • 167 kilometer veg får nytt dekke. 

Oppsummeringa er laga av KI-tenesta Copilot. Innhaldet er kvalitetssikra av kommunikasjonsseksjonen før publisering.  

 

Vestland fylkeskommune har fått av 120 millionar kroner til nytt dekke i 2025. Summen er fordelt på fire kontraktar, der ein av kontraktane stekker seg over to år.

Veidekke Industri AS har fått den to-årige kontrakten som dekker heile Vestland. I løpet av to år blir det asfaltert ca. 41 000 tonn med asfalt. 21 000 tonn blir lagt i 2025, og resten i 2026. Veidekke alsfalterer rundt 60 kilometer over to år, 32 kilometer i 2025.

I tillegg er det tre kontrakter som varer i eitt år.

Gamle Sogn og Fjordane, det vil seie Sogn, Sunnfjord og Nordfjord får ca. 40,5 kilometer med ny asfalt.

Her er det Datoen for når Vestland fylkeskommune opnar tilboda som er komme inn frå entreprenørar. Etter ca. tre veker blir det klart kven som får jobben.  2. april og oppstart på arbeidet 5. mai.

Sotra, Askøy, Bergen, Os, Austevoll og Nordhordland får 39 kilometer med ny asfalt.

Tilbodsopning 2. april og oppstart 5. mai.

Voss, Hardanger og Sunnhordland får 28 kilometer med ny asfalt.

Tilbodsopning 4. april og oppstart 5. mai.

Etterslepet aukar

Frå 2020 til 2024 blei det lagt 65 prosent av det som trengs for å oppretthalde dagens standard, som vil seie at etterslepet har auka. Med prisnivået i 2024 er det behov for rundt 300 millionar kroner får å oppretthalde dagens standard.

— I tillegg må det løyvast midlar til nødvendig vegoppmerking. Dersom vi skal ta att etterslepet, som har auka dei siste åra, er det i løpet av ein periode behov for å løyve meir, seier prosjektleiar i Vestland fylkeskommune, Marius Råve.

— Vi jobbar med langsiktige planar for dekkelegging. Planen går over fire år og skal synleggjere det store vedlikehaldsetterslepet vi har på dekke. For å opprettehalde dagens standard er må vi legge 311 kilometer asfalt kvart einaste år.

I tillegg til dei 60 kilometerane blir det lagt ca. 14 kilometer med nytt dekke i 2025 gjennom kontrakten «Vegforsterking Vestland 2025». I kontrakten blir det utført arbeid med forsterking av vegfundamentet.

Her kan du sjå fordelinga

Her skal Veidekke asfaltere dei to neste åra.

Område Vegstrekning Meter med veg
Tysnes Fv. 5082 Nordbustaddalen 3470
Gulen Fv. 5436 Breimareset-Hauglandsstølane
12012
Alver Fv. 5462 Sævråsvegen-Sævråsvåg kai
2431
Alver Fv. 5478 Haukeland-Vetås 1647
Aurland Fv. 5626 Langhuso-Undredal 6249
Høyanger Fv. 5653 Lavikdalsvegen   4536
Osterøy Fv. 5418 Bruvikvegen 1500
Får asfalt i 2026    
Kvam Fv. 49 Kvamskogen 8121
Aurland Fv. 50 Botnatunnelen aust-Østerbø 2060
Gloppen Fv. 60 Fjellvegen 4765
Kvinnherad Fv. 548 Sandvoll-Ølfernes 5538
Gloppen Fv. 615 Hyevegen 4270
Hyllestad Fv. 5654 Birkelandsvegen 3323

Sotra, Askøy, Bergen, Os, Austevoll og Nordhordland

Område Vegstrekning Meter med veg
Alver Fv. 57 Lindåsvegen/Mongstadvegen 4002
Austevoll Fv. 546 Såtendal   2680
Øygarden Fv. 560 Søre Fjellavegen 1740
Øygarden Fv. 560 Sundvegen 2855
Gulen Fv. 602 Rutledal-Instefjord 11340
Bjørnafjorden Fv. 5150 Lepsøyvegen/Røtingavegen inkludert snuplass  3830
Bergen Fv. 5162 Bontveitvegen 3995
Øygarden Fv. 5218 Austre Sundvegen 1960
Øygarden Fv. 5238 Søre Øyavegen 4686
Bergen Fv. 5300 gang- og sykkelveg Salhusvegen 316
Bergen Fv. 5368 gang- og sykkelveg Bråtet-Bønes 685
Bjørnafjorden Fv. 552 gang- og sykkelveg Mobergsbakken 704

 

Voss, Hardanger og Sunnhordland

Område Vegstrekning Meter med veg
Ullensvang Fv. 49 Eitrheimsvegen inkludert rundkøyring 1575
Voss Fv. 79 Hardangervegen 1781
Kvinnherad Fv. 500 Vikefjellsvegen  2902
Stord Fv. 544 Leirvik sentrum 1359
Kvinnherad Fv. 5026 Oppstilling Sund Fk. 150
Stord Fv. 5068 Dåfjordvegen 4451
Tysnes Fv. 5076 Espevikvegen 2889
Tysnes Fv. 5084 Neshamn 2890
Voss Fv. 5404 Vossastrondvegen 4040
Osterøy Fv. 5418 Bruvikvegen 3000
Kvam Fv. 49 gang- og sykkelveg Steinsdalsvegen 1 1772
Kvam Fv. 49 gang- og sykkelveg Steinsdalsvegen 2 1194

 

Sunnfjord, Nordfjord og Sogn

Område Vegstrekning Meter med veg
Stad Fv. 61 Møre og Romsdal grense-Naveosen bru 3125
Luster Fv. 604 Myklemyr-Fossen 3807
Høyanger Fv. 5597 Guddalsvegen 6285
Sogndal Fv. 5613 Kleiv-Selseng 4128
Aurland Fv. 5623 Bakkatunnelen vest-Bakka 2032
Kinn Fv. 5696 Svardalsvegen 937
Bremanger Fv. 5711 Frøysjøvegen 9581
Kinn Fv. 5716 Hagen-Kvalheim 2800
Gloppen Fv. 5731 Nordstrandvegen 7020
Sunnfjord Fv. 600 gang- og sykkelveg Vievegen 260
Askvoll Fv. 609 gang- og sykkelveg Holmedal 516