Styrker fylkesbudsjettet med 204 millionar kroner

Fleirtalet i fylkesutvalet har auka fylkesbudsjettet for 2025 med 204 millionar kroner samanlikna med det opphavlege budsjettforslaget. Fylkestinget vedtek det endelege budsjettet i desember.

Buss og bybane
KOLLEKTIV: Samarbeidspartia i fylkesutvalet er opptekne av å halde oppe og styrke kollektivtilbodet. Det syner blant anna dei 30 millionane som er lagt inn i budsjettforslaget til ruteproduksjon i byvekstområdet i Bergen og kommunane rundt. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

– Vi har landa eit ansvarleg budsjett, og det er eit trygt, grønt og omfordelande budsjett. Vi vidarefører tenestene til fylkeskommunen med ein moderat prisauke, prioriterer grøne satsingar og å inflasjonsjustere driftstilskota på kultur. I tillegg har budsjettet ei sterk satsing på vidaregåande opplæring, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkesutvalet vedtok innstillinga til budsjett 2025 i møtet på Vestlandshuset i Bergen 26. november. Det endelege budsjettet blir vedteke i møtet i fylkestinget 11. og 12. desember, og det kan då kome endringar i det som no er lagt fram.

Totalbudsjettet til Vestland fylkeskommune er på over 17 milliardar kroner. Av det er om lag 5 milliardar sette av til kollektivtrafikk og 5 milliardar til sektoren opplæring og kompetanse.

Satsar vidare på kollektivtransport

I budsjettforslaget til samarbeidspartia Sp, Ap, SV, KrF, V og MGD er det lagt inn til saman 84 millionar kroner ekstra til tiltak innan mobilitet og kollektiv samanlikna med budsjettforslaget til fylkesdirektøren. Det går blant anna til å vidareføre studentrabatten på enkeltbillettar og å innføre rabatt for vernepliktige på nivå med studentrabatten.

Samarbeidspartia har også lagt inn 2 millionar til turistbåtrute i Hardanger, og 2 millionar til turistruter for buss. I tillegg er det lagt inn 30 millionar til ruteproduksjon i byvekstområdet i Bergen og kommunane rundt. Den føreslegne auken i billettprisar er justert ned, og forslaget om å endre sonestruktur er teke heilt ut. Flybussane i Førde og Sogndal er tekne inn att i budsjettet, men med ein prisauke.

Satsar på språkopplæring, inkludering og fullføring

Innan opplæringssektoren ønskjer fleirtalet i fylkesutvalet å setje av 20 millionar kroner i 2025 til særskilt språkopplæring, hovudsakleg for ukrainarar. Målet er å styrke moglegheitene til utdanning og deltaking i arbeidslivet.

I budsjettforslaget er det også lagt inn 20 millionar kroner ekstra til tilrettelegging og styrka innsats for at fleire ungdomar skal fullføre vidaregåande opplæring. I tillegg blir rammene til Fagskulen i Vestland auka med 5 millionar i 2025.

Prioriterer tre rassikringsprosjekt på fylkesveg

Når det gjeld infrastruktur og veg inneheld budsjettforslaget ein auke i løyvingane til vedlikehaldsarbeid på fylkesveg. Fleirtalet i fylkesutvalet ønskjer også å prioritere tre store rassikringsprosjekt: fv. 609 Heilevang i Sunnfjord, fv. 49 Tokagjelet i Kvam og fv. 49 Poll til Poll (Austrepollen til Nordrepollen) i Kvinnherad.

I tillegg ligg det inne 5 millionar ekstra til planleggingsarbeid og vurdering av kostnadsreduserande tiltak når det gjeld ferjeavløysingsprosjektet Atløysambandet i Askvoll. Målet er å starte arbeidet med anlegget i 2026.

Det er også lagt inn 10 millionar til å setje i gang tiltak som gjeld naturrestaurering i samband med enkelte fylkesvegprosjekt. Fylkesbudsjettet til fylkesdirektøren har i år for første gong eit eige kapittel om naturkonsekvensar. Der blir det presentert naturkonsekvensar av investeringar innan både eigedom og utbygging og infrastruktur og veg.

Prisjusterer kulturtilskot og ladeinfrastruktur

Innan feltet kultur og folkehelse legg fleirtalet i fylkesutvalet inn 9 millionar kroner til driftstilskot for å kompensere for løns- og prisvekst. Det er også lagt inn 20 millionar ekstra til regionale kulturbygg og 1,9 millionar til ureturnerbare papirlause flyktningar. I budsjettforslaget er det i tillegg lagt inn 1 million til planlegging av Griegkvartalet, 1 million i støtte til Friluftslivets år 2025 og 1 million til eit fellesmagasin for musea i tidlegare Hordaland.

Fleirtalet i fylkesutvalet ønskjer også å opprette eit regionalt kulturfond på 15 millionar kroner ved å slå saman kulturelt utviklingsprogram med den nye statlege satsinga på regionale kulturfond.

Budsjettforslaget inneheld òg ei satsing på ladeinfrastruktur for tunge køyretøy på 5 millionar, og 5 millionar til ei ordning som skal auke kunnskapen om påverknad på villaks og aure. Målet med dette er at Vestland skal kome i grøn sone i trafikklysmodellen for havbruket.

Kraftinntekter og auka bruk av havbruksfond

Dei 204 millionane fleirtalet i fylkesutvalet har auka budsjettet med, er henta frå blant anna forventningar om auka inntekter frå Sogn og Fjordane Energi, Valen Kraftverk og oppjustering av inntektene frå havbruksfondet.

Tre alternative forslag til budsjett

Det vart lagt fram tre alternative forslag til budsjett 2024 i fylkesutvalet, frå samarbeidspartia i fylkestinget (Sp, Ap, SV, KrF, V og MDG), Høgre og FrP:

Saksframlegg frå administrasjonen, inkl. arbeidsdokument, til finansutvalet (pdf).

Innstillinga frå fylkesutvalet til fylkestinget

Politisk sak: Budsjett 2025/økonomiplan 2025–2028 – arbeidsdokument 4/24 – Innstilling frå fylkesutvalet til fylkestinget (pdf)