15 mill. kr skal styrke grøn verdiskaping i Vestland

– Vi skal legge til rette for verdiskaping som kan redusere utsleppet av klimagassar og som kan utnytte naturressursane betre. Det seier nestleiar i hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune, Siri Sandvik.

Bilete av Husnes sett frå lufta.
19 AKTØRAR: Grøn Hub Kvinnherad er ein av 19 aktørar i Grøn region Vestland. Foto: Vestland fylkeskommune

Hovudutvalet har vedteke å bruke 15 millionar kroner til å styrke arbeidet med Grøn region Vestland.

– Vi har 19 hubbar i Grøn region Vestland. Det overordna målet er å bidra til verdiskaping gjennom samarbeid mellom bedriftene i desse hubbane. Dei skal ha potensial til å redusere utslepp, skape nye, grøne arbeidsplassar og auke eksporten frå Vestland, seier Sandvik.

Behov for omstilling

Bakgrunn for denne satsinga på grøn omstilling er ei kartlegging i 2020 som viste behov for omstilling og potensial innanfor nye, grøne verdikjeder. Den viste og knappheit på ressursar. Denne knappheita  krev overgang frå såkalla lineær økonomi til sirkulær økonomi.

– Slik overgang krev omfattande omstilling. Industrielt samarbeid er ein av fleire strategiar for å få til ein sirkulær økonomi. Den er vald som strategi for dette prosjektet. I eit industrielt samarbeid skal bedrifter og andre aktørar innanfor eit geografisk avgrensa område samarbeide om bruk av ressursar, til dømes ved fleirbruk, gjenbruk og sambruk av material, energi, vatn og areal, seier Sandvik.

Geografisk avgrensa område

Dei 19 hubbane er valde ut etter ein del kriterium, mellom anna at prosjekta og bedriftene som utgjer ein hubb, må vere innanfor eit geografisk avgrensa område, slik at det er mogeleg å lukkast med industrielt samarbeid.

– Vi har stilt krav om at bedriftene må ha ein realistisk plan for samarbeid og at dei har eit næringsareal som anten er ferdig regulert eller at det ligg føre realistiske reguleringsplanar. Det er og eit krav om potensial for å levere verdi for samfunnet, seier Sandvik.

Dei 15 millionar kronene er sett av i ei stønadsordning som dei 19 hubbane kan søke på.

– Vi har lagt opp til at pengane skal fordelast likt på dei 19 hubbane, med ein maksimalt støttesum på inntil 789 000 kroner pr. hubb. Vidare gir vi støtte til berre éin søknad pr. hubb. Vi har og krav om at minst 50 prosent av finansieringa til prosjekt, må kome frå andre enn fylkeskommunen, til dømes eigen innsats eller eigne midlar, understrekar Sandvik.

Frå 16 til 19 hubbar

Vestland fylkeskommune hadde i fjor haust ein gjennomgang av hubbane som var kvalifiserte til å vere med i Grøn region Vestland. Det resulterte i at tal hubbar auka frå 16 til 19.

– I tillegg har vi identifisert 16 andre gode prosjekt som ikkje nådde heilt opp, men som har potensial for å bli ein hubb. Eg vil understreke at det kan bli naturlege endringar i kva hubbar som er med i Grøn region Vestland, og at hubbar kan gå ut og at nye kjem til, seier nestleiar i hovudutvalet, Siri Sandvik.

Søknadsfristen for å søke om dei 15 millionar kronene er tentativ 15. oktober.

Oversikt over dei 19 hubbane i Grøn region Vestland