Del historier om og minne frå områda rundt dagsturhyttene

Fem dagsturhytter i Vestland er først ute i prosjektet Knutepunkt for kunnskap.

Informasjonsskilt og treningsapparat utanfor ei av dagsturhyttene. Utsikt mot lyngheiene på Stadlandet og mot havet.
KULTURLANDSKAP: Frå dagsturhytta Sjøglytt i Selje i Stad kommune er det utsikt mot øya Selja med Selje kloster. Både Selja og Stadlandet er føreslått som kulturlandskap av nasjonal interesse av fylkeskommunen. Selja på grunn av helgensetet, bispesetet og klosteranlegget på øya, og Stadlandet på grunn av det vêrharde kystheilandskapet, preget fiskarbonden har sett på landskapet og krigsminna i området. (Foto: Atle Skrede/Vestland fylkeskommune)

Prosjektet har to mål, å dele kunnskap om kulturlandskapet rundt hyttene og å få turgåarar til å dele eigne historier, minner og kunnskap frå områda. 

Informasjonsskilt ved hyttene

– Det skal vere låg terskel for å dele. Det kan vere til dømes ei historie om at ved det vatnet der skaut du ein hjort, som seinare vart servert i bryllaupet ditt. Eller kunnskap om gode moltemyrer, ein hammar som er fin å søke ly under ved uvêr, eller eit minne om ein plass der du ein gong møtte ei revemor med ungar. Altså kva som helst av opplevingar og anna frå det spesifikke området, seier Per Morten Ekerhovd, avdelingsdirektør for kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune. 

Ved kvar av dei fem Vestland-hyttene som er med i prosjektet er det sett opp skilt med informasjon om områda hyttene ligg i. Skiltet ved Synkenhytta fortel blant anna om kraftutbygginga i Høyanger, og korleis dette har prega heile området. Ved Sjøglytt i Stad kan du blant anna lese om klosterøya Selje, og ved Vardebu kan du lære meir om den gamle gjestgjevarstaden i Alverstraumen. 

To eldre menn inni ei dagsturhytte.
Dugnad og dugnadsgrupper er viktige for vedlikehaldet av mange dagsturhytter, som her i Vardebu i Alver kommune. Her er Helge Jørgenvik (t.v.) og Håkon Vabø med for å både montere skilt utanfor hytta og leggje ut informasjon om Knutepunkt for kunnskap-prosjektet inni hytta. (Foto: Atle Skrede/Vestland fylkeskommune)

Del informasjon digitalt eller i hyttebok

På kvart skilt er det også ein QR-kode, som du kan skanne med telefonen din. Då kjem du til ei nettside der du kan lese meir om området og ikkje minst med lenke vidare til kulturminnesok.no, der du kan dele fakta og kunnskap om kulturminne i landskapet kring dagsturhytta. 

– Sjølv om vi her legg til rette for kunnskapsdeling via digitale tenester, er det aller viktigaste sjølve delinga, at turgåarane faktisk deler kunnskapen sin med andre. Difor tek vi også i bruk den gode gamle hytteboka til dette føremålet. Der kan folk skrive inn det dei vil, slik at dei neste som kjem til hytta får del i kunnskapen og historiene, seier Ekerhovd.

Foto av Stadlandet skule, med nokre klatreapparat og eit informasjonsskilt framfor.
For å gå til dagsturhytta Havglimt i Stad kommune parkerer ein her ved Stadlandet skule, der det også er sett ut eit skilt med informasjon om Knutepunkt for kunnskap. Hytta kan så vidt skimtast over taket på skulen, litt til venstre i bildet. (Foto: Atle Skrede/Vestland fylkeskommune)

Eit anna mål med prosjekt er å gjere dagsturhyttene til «mikrokulturhus», å vidareutvikle og forsterke dei som ein sosial møteplass i naturen. Fleire av hyttene blir allereie som brukte til kultur- og konsertopplevingar, og alle hyttene har eit eige nynorsk turbibliotek.

Fem hytter i Vestland

Desse fem dagsturhyttene i Vestland er med i prosjektet Knutepunkt for kunnskap: 

Kvar av hyttene ligg i eit kulturhistorisk landskap som fylkeskommunen har vurdert til å ha ei nasjonal interesse.

Prosjektet Knutepunkt for kunnskap er eit samarbeid mellom Vestland og Rogaland fylkeskommunar. I Rogaland er dagsturhyttene i Randaberg og Bjerkrheim med i prosjektet. Tidlegare i år fekk prosjektet 350 000 kr frå Riksantikvaren og 50 000 kr frå Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Informasjonsskilt montert på veggen på ei dagsturhytte. Tittelen er Knutepunkt for kunnskap og oppleving.
Det er sett opp informasjonsskilt om Knutepunkt for kunnskap-prosjektet ulike stadar knytt til dagsturhyttene, som her på hytteveggen, i terrenget, ved parkeringsplassen eller i eit sentrumsområde. (Foto: Atle Skrede/Vestland fylkeskommune)