Vardetangen - Knutepunkt for kunnskap

Dagsturhytta ligg i eit spanande og verdifullt kulturlandskap! Det nyttar dagsturhyttene som arena for kunnskapsdeling om kulturlandskapet kring hyttene. Her kan du lese meir om området kring Vardetangen ved å klikke på lenkjene under. Vestland og Rogaland fylkeskommunar har saman etablert prosjektet Knutepunkt for kunnskap.

Leitar du etter praktisk informasjon om hytta?


The cultural history in the landscape around the day trip cabins makes each cabin, and the hike to get there unique. Dagsturhytta should be a place where we can meet and share knowledge with each other. Follow the links below for more information.

Practical information about the cabin.

Kanskje du sitt på verdifull eller spennande kunnskap om historia til landskapet rundt deg? Del gjerne ved å bidra med informasjon til Kulturminnesøk.no. Der kan du bidra ved å leggje inn kulturminne i kartet med ei skildring og ved å laste opp bilde.

Du kan også dele di oppleving i hytteboka!

Kulturminnesøk

Ei av dei sentale seglingsliene nordover går gjennom Kilstraumen i sundet mellom Ulvøy og Bakkøy. Her har det vore gjestgjevarstad sidan 1610. Gjestgjevarstaden var ein del av det store nettverket av handels- og gjestgjevarstadar langs kysten. Kilstraumen er ein av dei gamle gjestgjevarstadane som framleis er i drift.

Kjelstraumen (grind.no)

Sjøbruksmiljøet på Krossøy er eit av dei best bevarte langs vestlandskysten og gjev oss kunnskap om korleis folk levde og livnærte seg langs kysten i tidlegare tider.

Krossøy (grind.no)

Ved det søre festet for brua mellom Radøy og Fosnøy fann arkeologane ein steinalderbuplass utanom det vanlege. Her var tjukke «kulturlag» med leivningar av avfallsdyngjene frå eit fangstfolk. Staden heiter Kotedalen. Hit har dei kome, den eine flokken etter den andre, og slege seg ned nokre veker, månader, eller kanskje år, før dei drog vidare, og buplassen vart liggjande brakk. Gong etter gong har dette hendt. Minst 16 busetnadsfasar har kunna påvisast, spreidde over 5500 år.

Fosnstraumen (grind.no)

Steinalderlandsbyen i Fosnstraumen (Vestnorsk utvandringssenter)