Synkenhytta - Knutepunkt for kunnskap

Dagsturhytta ligg i eit spanande og verdifullt kulturlandskap! Det nyttar dagsturhyttene som arena for kunnskapsdeling om kulturlandskapet kring hyttene. Her kan du lese meir om området kring Synkenhytta ved å klikke på lenkjene under. Vestland og Rogaland fylkeskommunar har saman etablert prosjektet Knutepunkt for kunnskap.

Leitar du etter praktisk informasjon om hytta? 


The cultural history in the landscape around the day trip cabins makes each cabin, and the hike to get there unique. Dagsturhytta should be a place where we can meet and share knowledge with each other. Follow the links below for more information.

Practical information about the cabin.

Kanskje du sitt på verdifull eller spennande kunnskap om historia til landskapet rundt deg? Bidra med informasjon til Kulturminnesøk.no. Der kan du bidra ved å leggje inn ukjende kulturminne i kartet med ei skildring, og ved å laste opp bilde.

Du kan også dele di oppleving i hytteboka!

Kulturminnesøk

Grunnlaget for tettstaden Høyanger er krafta noko som pregar landskapet kring dagsturhytta. Noko som og er grunnen til at ein har vurdert landskapet her til å vere eit kulturlandskap av nasjonal interesse. Her kan du lese meir om historia til oppbygginga av industristaden Høyanger: 

Kraftutbygging for industristaden Høyanger (Kulturhistorisk leksikon) 

Norsk Aluminium Company (Store norske leksikon) 

Kraftverk i Høyanger (Store norske leksikon) 

I samband med at Høyanger kommune laga kulturminneplan fekk dei også laga ein historisk del som fortel mykje om historia til Høyanger.

Lokal kulturminneplan (pdf)

Historisk del kulturminneplan (pdf)

Hos Fylkesarkivet i Vestland finn ein mange historiske foto frå Høyanger og områda rundt. 

Sjå bilda her.


The County Archives have many historical photos from Høyanger and the sorrounding areas. 

You can find many of them here.  

Sigurd Kloumann var med å starta dei to bedriftene A/S Høyangfaldene og Norsk Aluminium Co.  Der han vart direktør. Frå 1916 og framoverbygde desse to firmaa kraftanlegga, fabrikkane og tettstaden Høyanger. I 1929 vart det reist eit minnesmerke over han i Høyanger.

Les meir på Kulturhistorisk leksikon

 

Det var ikkje berre lett å få bygd veg! På Kulturhistorisk leksikon kan du lese meir om korleis vegane til og frå Høyanger vart bygd.

Då tettstaden Høyanger vart bygd var fjorden den viktigaste ferdselsvegen. Men etter kvart vart det behov for fleire bilvegar og ein starta utbygginga av vegnettet slik vi kjenner det i dag.

Trass i etableringa av ei viktig industribedrift (NACO) i Høyanger i 1915, var Høyanger utan vegsamband heilt fram til 1937. Først då det var råd å køyra til Vadheim. Les meir på Kulturhistorisk leksikon

I 1982 opna Høyangertunnelen, Nord-Europas lengste vegtunnel. Tunnelen erstatta ferjesambandet mellom Kongsnes og Nordeide. Opninga vart utført av kong Olav og var ei storhending. Les meir på Kulturhistorisk leksikon

Det tok lang tid før det kom samanhengjande veg på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Vegutbygginga tok til rundt 1970. I 1985 var det veg mellom Ortnevik og Oppedal, og i 1990 var det råd å køyra mellom Sygnefest i Gulen og Ortnevik i Høyanger. Les meir på Kulturhistorisk leksikon

I fjellet er det ei rekkje ferdslevegar som bind Høyanger saman med andre stader. Nokon av ferdslevegane har ein høg alder og vitnar om tidlegare tider si bruk av fjellområda. Steibrua mellom Steinbruvatnet og Larsselvatnet vitnar om ferdsla mellom Høyanger og Gaular. Les meir på Kulturhistorisk leksikon

Lag og organisasjonar i Høyanger

Etter opprettinga av tettstaden Høyanger vart det skipa ei rekkje ulike lag og organisasjonar. Fleire av dei bygde etter kvart eigne hus til si verksemd. Du kan lese meir om dei ulike lag og organisasjonane her.

Ungdomshuset Valhall (Kulturhistorisk leksikon) 

Kino i Høyanger (Høyanger Industristadmuseum)

Høyanger industristadmuseum ligg i byporten i Høyanger sentrum og formidlar historia om korleis Høyanger gjekk frå å vere ei jordbruksbygd tidleg på 1900-talet til å bli ein travel industristad på få år. På museet sine sider finn du også ei rekkje artiklar om historia til Høyanger.

Åpningstider og liknande 

Heimeside Høyanger industristadmuseum 

Bustadområdet Parken i Høyanger er ein hageby som husa bustadar til både direktør, funksjonærar og arbeidarar.

Les meir på Kulturhistorisk leksikon

 

Høyanger kyrke stod ferdig i 1960 og er teikna av arkitekten Arnstein Arneberg. Kyrkja var ei gåve til Høyanger kommune frå Norsk Aluminium Company. 

Les meir om historia til kyrkja på Kulturhistorisk leksikon.

Høyangsfjorden er omkransa av høge fjell med bratte sider. I fjordbotnen ligg tettstaden Høyanger med kraftverk og industrianlegg. Området er eit framståande døme på eit heilskapleg industri- og vasskraftlandskap etablert i den tidlege og viktige perioden med kraftutbygging og kraft krevjande industri i Noreg. 

Vi kan her tydeleg sjå korleis naturtilhøva har gjort det mogleg å etablere ein tettstad på ein plass der det elles ikkje var naturleg å legge nokon tettstad. Området viser gangen i vasskraftproduksjonen frå regnet fell ned i fjella, oppsamling av vatn i magasina, røyrgatene med til høyrande installasjonar som fører vatnet ned til kraftstasjonane som igjen fører krafta til fabrikken og eksporten av aluminium ut i verda. 

I KULA-rapporten (Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse) kan du lese meir om området rundt Høyanger: 

Les rapporten (pdf)