Digital infrastruktur

Hovudmålet er at Vestland skal ha ein godt utbygd digital infrastruktur, både fast og trådlaus. Breibandet skal vera raskt, tilgjengeleg og robust.

98 prosent av alle verksemder, offentlege bygg og husstandar skal ha gigabitdekning innan 2026. Resten skal ha minst 100 Mbit/s. Dette er ein føresetnad for at distrikt, tettstader og byar skal ha like vilkår for å ta del i samfunnsutviklinga, tenestetilbodet og moglegheitene som den raskt aukande digitaliseringa medfører

Prioriterte satsingsområde for utbygging av digital infrastruktur

Prioritering av utbyggingsprosjekt og fordeling av tilskot

Nkom gjennomfører årleg ei kartlegging og nasjonal offentleg høyring av husstandar og verksemder som kvalifiserer for tilskot av breiband. Vestland fylkeskommune i samarbeid med kommunane brukar denne kartlegginga til å velja ut aktuelle utbyggingsprosjekt. Vestland fylkeskommune sitt hovudutval for næring prioriterer tilskot til områda som skal byggjast ut, før fylkeskommune gjennomfører offentleg konkurranse og legg til rette for at kommune og utbyggjar inngår kontrakt om utbygging.

Kommunale strategiar for breiband og digitalisering

Alle kommunar bør ha ei strategisk tilnærming til utbygging av breiband og digitalisering. Aktuelle tema i strategien er digital infrastruktur, politikk for personvern, digital tryggleik og beredskap, verdiskaping med data, tilgang på digital kompetanse, behov for forsking på digitalisering, tiltak for næringsretta digitalisering, nye teknlogireguleringar frå EU og auka inkludering i det digitale samfunnet.

Mobildekning

Det er ei målsetting at Vestland fylkeskommune har ei meir aktiv rolle i utbygginga av mobildekning der det ikkje skjer utbygging i kommersiell regi. I praksis betyr dette eit tettare samarbeid med dei aktuelle kommunane, Statsforvaltaren og netteigarane (Telenor, Telia og Ice).

Ivareta Vestland sine interesser i breiband-spørsmål

Det er viktig at politisk- og administrativ leiing i Vestland fylkeskommune er orientert om status for korleis breibanddekninga i fylket utviklar seg, og kva utfordringar og behov som må løysast. Saman med den regionale partnarskapen vert det jobba målretta mot sentrale styresmakter for å få fram utviklingstrekk og ambisjonar når det gjeld digitalisering på Vestlandet.