Miljøseminar for akvakultur
Vestland fylkeskommune inviterer i februar kvart år til miljøseminar for akvakulturnæringa i Florø. Seminaret blir arrangert i samarbeid med Fiskeridirektoratet region Vest og Sjømat Norge.
Vestland fylkeskommune inviterer kvart år til miljøseminar for akvakulturnæringa i Florø. Seminaret blir arrangert i samarbeid med Fiskeridirektoratet og Sjømat Norge.
Fylkeskommuen har sidan 2012 arrangert miljøseminar for akvakulturnæringa. Seminaret legg vekt på miljøspørsmål knytt til setjefisk og matfiskanlegg, til dømes tilrettelegging for berekraftig vekst i oppdrettsnæringa, ny oppdrettsteknologi og andre miljøutfordringar.
Målgruppa for seminaret er næringsutøvarar, akvakulturforvaltning, forskingsmiljø, kommunar, konsulentar og andre interesserte.
Miljøseminaret 2023 - presentasjonar
Energi og beredskap stod i sentrum på årets miljøseminar.
Statsforvaltar Liv Signe Navarsete snakka om beredskap og den alvorlege energikrisa vi står i, noko som også kan bli krevande for oppdrettsnæringa.
Haakon Vatle, direktør for Atatsraad Lehmkuhl Stiftelsen tok fram gitaren og fekk oss med på shanty song om bord i M/S Atløy på ein kveldstur etter det faglege programmet dag 1.