Investeringstilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar
Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av kulturarenaer med regionale funksjonar og verdi.
Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av arenaer for kultur, til istandsetting av verneverdige kulturminne og til arenautvikling ved folkebiblioteka.
Gjennom tilskotsordninga samlar vi fleire tidlegare ordningar:
- Tilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar
- Museumsløft
- Tilskot til verna kulturminne
- Tilskot arenautvikling folkebibliotek
Har du mottatt tilskot frå ei av desse ordningane tidlegare (før 2026) skal du rapportere for midlane via dei gamle rapportskjema. Du finn desse samla på denne nettsida.
Søknadsfrist
Søknadsfrist er 30. april 2026. Søknadsskjema blir publisert minimum fire veker før søknadsfrist.
Fylkeskommunen lyser også ut ei anna tilskotsordning til kulturbygg. Denne er finansiert gjennom spelemidlar og har lokal søknadsfrist i kommunane.
Mål med ordninga
Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av kulturarenaer med regionale funksjonar og verdi. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av arenaer for kultur og til istandsetting av verneverdige kulturminne. Tilskotsordninga skal styrke den regionale infrastrukturen for kultur, og gje betre tilgang til kulturtilbod i heile fylket. Ordninga skal leggje til rette for tilgjengelege og framtidsretta kulturarenaer med nedslagsfelt utover kommunegrensene.
Tilskota skal
- styrke og vidareutvikle kulturarenaer med regionale funksjonar
- støtte istandsetting av kulturhistoriske bygg forvalta av dei konsoliderte musea i fylket
- støtte istandsetting av verneverdige kulturminne etter prioritering frå kommunane
- støtte arenautvikling i folkebiblioteka, som grunnlag for moderne bibliotektenester i heile fylket
Målgrupper og kven som kan søke om støtte?
Kommunar, selskap, stiftingar, organisasjonar, eigarar av regionalt verdifulle kulturminne og andre samanslutningar kan søke om tilskot frå ordninga.
Det blir ikkje gitt tilskot til tiltak eller organisasjonar der føremålet er økonomisk vinning for organisasjon eller privatpersonar.
Kva får støtte, og kva får ikkje støtte?
Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av kulturarenaer med regionale funksjonar, i tråd med regional plan for kultur 2023–2035.
Det er tre støttekategoriar i ordninga:
- Tilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar med verdi, storleik og nedslagsfelt som dekker behov utover kommunegrenser, eventuelt også fylkesgrenser. Tilskotet kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering.
- Tilskot til istandsetting av kulturhistoriske bygg forvalta av dei konsoliderte musea i fylket, og til istandsetting av verneverdige kulturminne prioritert av kommunane. Kulturminna skal vere regulert til bevaring/omsynssone, vern eller vurdert av fylkeskommunen til å ha høg regional verdi. Godkjente søkarar er museumsstiftingar (til kulturhistoriske bygg) eller kommunar / eigarar av kulturminne (til verneverdige kulturminne). For sistnemnde søkarar, skal kulturminna vere regulert til bevaring/omsynssone, vern eller vurdert av fylkeskommunen til å ha høg regional verdi.
- Tilskot til arenautvikling folkebibliotek for oppgradering og utvikling av heile eller deler av biblioteklokalet for å skape funksjonelle, tilgjengelege og innbydande bibliotek. Investering i mobile einingar, både bokbussar og mindre mobile einingar. Godkjente søkarar er kommunar.
Søkarane markerer kva av dei tre støttekategoriane dei søker på i søknadsskjema.
Det kan ikkje bli gitt tilskot til
- ordinært vedlikehald eller drift
- diverse laust utstyr, som møblar, kvitevarer, teknisk utstyr som ikkje er fastmontert etc. Unntak er søknader til arenautvikling folkebibliotek (støttekategori 3).
- ferdigstilte byggeprosjekt, som det ikkje er søkt om støtte til tidlegare
- utomhusarbeid, til dømes tilførsels- og avløpsleidningar for vatn og kloakk, tilførselsleidningar for elektrisitet, inngjerding, vegar og parkeringsplassar
- leige, tileigning av grunn, tilknytingsavgifter, reguleringsarbeid, dekking av gjeld o.l.
Tilleggsinformasjon for søknad om tilskot til verna kulturminne
Saksgangen for tilskot til verneverdige kulturminne er den same som i den tidlegare ordninga Tilskot til verna kulturminne.
Kven kan søke
Godkjente søkjarar er private eigarar av verneverdige kulturminne som anten:
- er regulerte til bevaring i kommunen sin arealplan, eller omtala i kommunen sin kulturmiljøplan
- er vurderte av Vestland fylkeskommune som regionalt viktige kulturminne
Søknadsprosess
1. Søknad til kommunen
Eigaren av eit verneverdig kulturminne skal sende søknad om tilskot til eigen kommune.
Søknaden må innehalde:
- skildring av tiltaket
- tilstandsanalyse
- foto
- budsjett og finansieringsplan
2. Kommunal prioritering
Kommunen prioriterer dei innkomne søknadene og sender ein samla søknad til Vestland fylkeskommune. I søknaden skal kommunen gjere greie for om:
- eigedomen har fritak for eigedomsskatt
- det finst kommunale tilskotsordningar til verna eller verneverdige kulturminne
- tiltaket er regulert til bevaring eller omtalt i kommunen sin kulturmiljøplan
3. Behandling og utbetaling
Vestland fylkeskommune behandlar søknadene. Eventuelt tildelt tilskot vert utbetalt til kommunen, som vidareformidlar tilskotet til den enkelte søkjar.
Dersom ein kommune ikkje ønskjer å påta seg ansvaret med å søke på vegner av eigarar av verneverdige kulturminne, kan eigaren sende søknad direkte til Vestland fylkeskommune.
Tilskotsramme og prioriteringar
I budsjettet for 2026 er det sett av totalt 1,7 millionar kroner til tilskot til verna kulturminne.
- Det er som regel mange kvalifiserte søkarar.
- Midlane blir prioritert slik at flest mogleg prosjekt får støtte, framfor høg støtte til få prosjekt.
- Det er ikkje sett ei formell øvre grense for kor stor del av prosjektkostnadene ordninga kan dekke, men i praksis vert det likevel sjeldan gitt tilskot som utgjer meir enn 50 % av totalkostnaden. Oftast er tilskotssummen eit godt stykke under dette.
Krav til søknaden
Søknaden blir sendt inn via elektronisk søknadsskjema til Vestland fylkeskommune. Søknaden skal innehalde opplysningar om mål og gjennomføring av tiltaket.
Desse vedlegga skal følge med søknader i støttekategori 1 – kulturarenaer med regionale funksjonar:
- skriftleg presentasjon av tiltaket, med framdriftsplan og ei vurdering av behovet for nybygg, ombygging og/eller modernisering
- budsjett for tiltaket, med detaljert kostnadsoverslag og finansieringsplan. Dokumentasjon på eventuelle tilsegn om finansiering skal ligge ved søknaden. Søknadssummen kan utgjere inntil 1/3 av totalkostnaden for prosjektet
- teikningar av kulturarenaen
- vedtekter for bruken av bygning/arena, om eigar av arenaen ikkje er ein kommune
- plan for bruk, drift og forvaltning av kulturarenaen
- dokumentasjon på rett til bruk av eigedom/anlegg i minimum 20 år, t.d. grunnbok med tinglyste rettar via Kartverket
- uttale frå kommunen der kulturarenaen er plassert som gjeld behovet for nybygg, ombygging eller modernisering og/eller utdrag frå kommunal plan eller politisk vedtak som slår fast dette behovet
Desse vedlegga skal følge med søknader i støttekategori 2 - istandsetting av kulturhistorisk bygg eller verneverdige kulturminne:
- skriftleg presentasjon av tiltaket, med framdriftsplan og budsjett
- dokumentasjon dersom kulturminne er prioritert i kommunal kulturminneplan og regulert til bevaring/omsynssone etter plan- og bygningslova
- eventuelle andre offentlege vedtak knytt til kulturminnet, slik som kommunalt tilskot og fritak for eigedomsskatt
Desse vedlegga skal følge med søknader i støttekategori 3 – arenautvikling folkebibliotek:
- skriftleg presentasjon av tiltaket, med framdriftsplan, budsjett, skildring av kvifor ein vil gjennomføre tiltaket og kva mål ein vil oppnå
- budsjett for tiltaket, med kostnadsoverslag og finansieringsplan. Søknadssummen kan utgjere inntil 2/3 av totalkostnaden for prosjektet
- vedlegg som viser til forankring i lokale behov, overordna føringar, kommunale planar eller strategiar
Slik vurderer vi søknaden
Tiltaket må stette krava til søknaden og føremålet i ordninga. I vurderinga av søknadene legg vi mellom anna vekt på
- i kva grad kulturarenaen har regional kulturverdi og funksjon som utviklar kulturlivet i fylket, er eit kulturminne av regional verdi eller interesse eller styrkar arenaer for bibliotektenester
- kvaliteten på søknaden og prosjektet
- om kulturarenaen/kulturminnet er prioritert gjennom offentlege planar, strategiar eller vedtak
- kor langt søkaren har kome i planlegginga, og om prosjektet har tilstrekkeleg finansiering og er klart til gjennomføring. Søknader med høg grad av medfinansiering vil kunne bli prioriterte i den samla vurderinga
Slik fastset vi støttebeløp
Fylkestinget vedtek rammene for tilskotsordninga gjennom årsbudsjettet. For 2026 er det sett av
- 3,2 millionar kroner til søknader i støttekategori 2
- 2,05 millionar kroner til søknader i støttekategori 3
- 20 millionar kroner til søknader i støttekategori 1. Løyvinga til støttekategori 1 er med atterhald om endeleg budsjettvedtak i desember.
Midlane blir tildelte i samsvar med gjeldande regelverk for offentleg støtte, jf. EØS-avtalen artikkel 61 (1). Dersom tiltaket inneber økonomisk aktivitet, kan statsstøtteregelverket avgrense kor stort tilskot som kan givast.
Krav tilgjennomføring og drift
Tiltak som gjeld bygg skal gjennomførast i samsvar med plan- og bygningslova, jf. m.a. § 29 i lova, som stiller krav som gjeld m.a. universell utforming og visuelle kvalitetar.
Tilskotsmottakar må søke Vestland fylkeskommune om bruksendring om kulturarenaen skal nyttast til noko anna enn kulturføremål. Ei slik bruksendring kan ikkje skje utan skriftleg førehandsgodkjenning frå fylkeskommunen. Vestland fylkeskommune kan krevje tilskotet heilt eller delvis tilbakebetalt om bruken av kulturarenaen blir endra.
Slik behandlar vi søknadene
Vestland fylkeskommune legg forvaltningslova til grunn for all søknadsbehandling. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. forvaltningslova.
Avdeling for kultur og folkehelse førebur og gjer kulturfaglege vurderingar av søknadene.
Hovudutval for kultur, idrett og inkludering gjer ei prioritering mellom søknadene innan støttekategori 1. Prioriteringa blir tatt med i arbeidet med budsjett for komande år, som blir vedtatt i fylkestinget i desember. Hovudutvalet gjer endeleg vedtak om tildeling av midlar i januar året etter at søknadene er sendt inn.
Søknader i støttekategori 2 og 3 blir lagt fram for politisk behandling og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og inkludering i eiga sak. Søknadene skal i hovudsak vere behandla innan tre månader etter søknadsfrist.
Fylkeskommunen gjer enkeltvedtak i kvar søknad. Vedtak om tilskot eller avslag skal grunngjevast, i tråd med forvaltningslova.
Klage
Du kan klage på enkeltvedtak som fylkeskommunen har gjort, i tråd med forvaltningslova § 28 andre ledd. Klagefristen er tre veker og blir rekna frå den dagen du fekk melding om vedtaket.
Klagenemnda i fylkeskommunen behandlar klaga. I klaga må du skrive kva vedtak du klagar på, kvifor du meiner vedtaket er feil, og kva du ønskjer endra. Du sender klaga til Vestland fylkeskommune.
Oppfølging og rapportering
Tilskotet skal brukast slik det står i retningslinjene og i vedtaket om tilskot. Prosjektet skal gjennomførast på den måten og i det tidsrommet som er oppgitt i søknaden. Dersom det skjer vesentlege endringar i prosjektet, må de melde frå skriftleg til saksbehandlar for vurdering og godkjenning.
Tilskotsmottakar skal levere rapport om bruken av tilskotet til fylkeskommunen når prosjektet er avslutta. Fylkeskommunen kan og krevje rapport undervegs. Sluttrapporten skal innehalde rekneskap for prosjektet og annan informasjon som er nødvendig for at fylkeskommunen kan kontrollere bruken av midlane og oppfylle sine plikter. For tilskot over 500 000 kr skal rekneskapen vere stadfesta av revisor.
Fylkeskommunen kontrollerer at tilskotet er brukt i tråd med føresetnadene, basert på ei vurdering av risiko og vesentlegheit. Tilskotsmottakar skal gi alle nødvendige opplysningar dersom fylkeskommunen ber om det.
Fylkeskommunen kan krevje heile eller delar av tilskotet tilbake dersom det er utbetalt tilskot i strid med retningslinjene, eller om tilskotet ikkje er nytta i samsvar med føresetnadene for tildelinga.