Fritidserklæringa Vestland
«Alle barn og unge skal kunne delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet i lag med andre.»
Dette er visjonen i Fritidserklæringa Vestland (pdf). Vestland fylkeskommune og tolv andre offentlege og frivillige organisasjonar i fylket signerte Fritidserklæringa Vestland på frivilligkonferansen i september 2024.
Fritidserklæringa bygger på FN-konvensjonen om barn sine rettar, artikkel 31. Denne handlar om at alle barn har rett til kvile, fritid og leik, og til å ta del i kunst og kulturliv.
Mål
Gjennom Fritidserklæringa Vestland vil partane jobbe for følgjande mål:
- Fritidsaktivitetane skal vere opne, trygge og inkluderande.
- Vi skal jobbe for å fjerne barrierar for deltaking, både fysiske og psykiske.
- Fleire arenaer for fritidsaktivitetar skal vere universelt utforma.
- Vi skal sørge for at kostnadene blir låge, slik at økonomi ikkje hindrar deltaking.
- Alle barn og unge skal kunne finne ein aktivitet dei trivst med.
- Barn og unge skal kunne utvikle seg og oppleve meistring gjennom fritidsaktivitetar.
- Vi skal sikre barn og unge sin medverknad i utviklinga av fritidsfeltet.
Alle partane
Fritidserklæringa Vestland er utarbeidd av ei arbeidsgruppe med representantar frå Vestland ungdomsutval, Vestland idrettskrets, Vestland frivilligsentralar, ALLEMED og fylkeskommunen. Samarbeidskomiteen for frivilligheit i Vestland har vore referansegruppe i arbeidet.
Fritidserklæringa Vestland er signert av
- Vestland fylkeskommune
- KS Vestland
- Statsforvaltaren i Vestland
- Vestland ungdomsutval
- Vestland Musikkråd
- Vestland Idrettskrets
- Forum for Natur og Friluftsliv Hordaland
- Forum for Natur og Friluftsliv Sogn og Fjordane
- Vestland Innvandrerråd
- Vaksenopplæringsforbundet Vestland
- Vestland Frivilligsentralar
- Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) Vestland
- Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) Sørvest og Nordvest
Nasjonal fritidserklæring
Den nasjonale fritidserklæringa (pdf) var signert første gong i 2016 og på ny i 2022. Erklæringa er signert av statsministeren, sju statsrådar, KS, Norsk kulturskoleråd og 19 paraplyar og organisasjonar frå frivillig sektor. I tillegg til den nasjonale fritidserklæringa har enkelte kommunar laga lokal fritidserklæring.