Musikkterapi

Fylkeskommunen tilbyr rådgjevande tenester innan musikkterapi til kultur-, oppvekst-, helse- og omsorgssektoren og kan bidra i arbeidet med integrering.

Kommunar, skular, helseføretak og andre helseinstitusjonar kan nytte tenestene til fylkeskommunen på dette feltet. 

Kva gjer vi?

Vestland fylkeskommunen sine tiltak kan vere rådgjeving, kunnskapsdeling og -utvikling. Vi kan ta inititativ til og organisere samarbeidsforum, arrangere konferansar og utvikle politikk på området.

Vi kan også gje råd om søknadar om tilskot for til dømes prosjekt og/eller oppretting av ny stilling som musikkterapeut. 

Kva er musikkterapi?

Musikkterapi som fag ser på samanhengen mellom musikk og helse. Som profesjon er musikkterapi ein systematisk prosess med musikalsk samspel mellom klient og terapeut, der det overordna målet er betre helse. Vestland fylkeskommune formidlar kompetanse på samanhengane mellom musikk og helse og musikkterapi.

Kunnskapsklynga Polyfon 

Vestland fylkeskommune er deltakar i Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi. Kunnskapsklynga Polyfon byggjer eit nasjonalt samarbeid om musikk og musikkterapi, med vekt på samskaping for helse og samfunnsdeltaking.

Vestland fylkeskommune, USHT (Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenster) Vestland – Sogn og Fjordane, Helse Førde og Kinn kommune utgjer partssamarbeid Vestland. Partssamarbeidet arbeider mellom anna med å svare på vedtak i fylkestinget i PS 13-2021 om å kartlegge interessa for deltaking i partssamarbeidet blant dei andre kommunane i fylket.

Du kan lese meir om kunnskapsklynga Polyfon på denne lenka