Kultur og helse – eit fagområde i utvikling
Fagområdet kultur og helse har lange røter i fylkeskommunen og er i stadig utvikling. Både nasjonalt og internasjonalt er det kompetansemiljø som viser til helsegevinsten av kulturdeltaking.
Det blir såleis oppmoda til meir og betre samarbeid mellom kultur- og helsesektoren. I Vestland fylkeskommune er dette arbeidet samla i fagområdet kultur og helse, som er del av den samla innsatsen i Vestland fylkeskommune for å ta i vare kulturansvaret heimla i lova, og for å løyse aktuelle samfunnsutfordringar med kultur som innsatsfaktor.
Born, unge og eldre
Fagområdet kultur og helse handlar på den eine sida om å fremje helsegevinsten av kunst- og kulturdeltaking og -oppleving, og på den andre sida utvikle og implementere tiltak i helse med kunst- og kulturutrykk som reiskap. Fagområdet retter seg hovudsakleg inn mot born, unge og eldre, mot integrerings- og inkluderingsarbeid.
Fylkesutvalet vedtok i november 2023 samrøystes sak om kultur og helse. Vestland fylkeskommune skal mellom anna etablere eit samarbeidsforum med kommunar og frivillige organisasjonar for å auke kunnskapen til aktørane på feltet, styrkje erfaringsdelinga og samordne innsatsen innanfor fagområdet kultur og helse.
Aktuelle verkemiddel knytt til helse og folkehelseutfordringar i Vestland:
- Den kulturelle spaserstokken – tilskotsordning for kommunane med målgruppe personar 67+ i fylket, og betre samarbeid mellom kultur- omsorgs- og helsesektoren.
- Konferansar – kunnskapsspreiing og samling av fagmiljø, til dømes tilsette og leiarar i helsesektoren og kultursektoren i kommunane, utdanningssektoren, helseinstitusjonane, politikarar, eldreråd eller brukarorganisasjonar.
- Undervisning og foredrag om musikk som helseressurs.
- Leggje til rette eigne tenester med føremål å styrkje arbeidet med kultur og helse. I vidaregåande skule er det behov for meir kompetanse om bruk av musikkterapi som del av det faste pedagogiske tilbodet knytt til psykisk helse, og om korleis musikk i skulen kan bidra til gode skulemiljø og som alternative meistrings- og læringsarenaer.
- Vi jobbar også med å utvikle kunnskap om fagområdet kultur og helse, mellom anna som verkemiddel til integrering av flyktningar, og skal vere ein pådrivar for politikkforminga på feltet.