Tilskot til kulturminne på verdsarvlista – Bryggen
Tilskotsordninga skal hjelpe til å oppfylle pliktene Noreg har etter verdsarvkonvensjonen til Unesco, og gjere til at verdsarvområda utviklar seg som fyrtårn for den beste praksisen innan natur- og kulturmiljøforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formell beskyttelse.
Kven kan få tilskot?
Fylkeskommunar, kommunar, museum, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar kan søke tilskot frå ordninga.
Kva tiltak kan få tilskot?
Prosjekt og tiltak som er knytte til verdsarvstaden Bryggen og som bidreg til å nå målet med tilskotsordninga, kan få tilskot.
Vi legg vekt på dette ved tildeling:
- mål og prioriteringar i forvaltningsplanen for verdsarvområdet med tilhøyrande handlingsplan
- kapasitet, kompetanse og anna finansiering til å gjennomføre tiltaket
- tiltak og prosjekt som bidreg til å bevare dei framståande universelle verdiane definerte i innskrivingsdokumentet gjennom istandsetting og berekraftig bruk
- tiltak og prosjekt som styrkar forvaltinga av verdsarven
- tiltak og prosjekt som stimulerer lokalt engasjement og eigarskap
- tiltak og prosjekt som bidreg til å formidle verdsarvverdiane og kunnskap om verdsarv generelt
- tiltak og prosjekt som fremjar kompetanse om handverksteknikkar, istandsetting, skjøtsel og tradisjonell bruk
- tiltak og prosjekt som bidreg til berekraftig reiseliv og næringsverksemd som styrkar verdsarvverdiane
- tiltak og prosjekt som bidreg til forsking og ny kunnskap om verdsarven
- tiltak og prosjekt som bidreg til risikohandtering, slik som brannsikring og beredskap for å sikre verdsarven mot uønska klima-, natur- og miljøpåverkingar
Korleis søkjer du?
Du søkjer gjennom søknadssystemet Digisak.
Søknadsfrist
1. november