Frivilligprisen Vestland
Vestland fylkeskommune sin frivilligpris skal motivere, synleggjere og verdsette frivilligheita i fylket. No kan du nominere kandidatar til frivilligprisen 2024!
Frivilligprisen er på 50 000 kroner og skal brukast innan frivilligfeltet, prisvinnaren avgjer kvar. Du kan nominere kandidatar til prisen kvart år innan 15. september. Vi legg ut skjema for nominasjon på denne nettsida seinast ein månad før fristen. Frivilligprisen blir delt ut på Kulturkonferansen Vestland i november.
Kven kan få prisen?
Fylkeskommunen vil heidre ein initiativrik person, organisasjon, gruppe eller foreining, som har utmerka seg med frivillig innsats til beste for medmenneska og samfunnet i Vestland, anten over lengre tid eller i eit tidsavgrensa prosjekt.
Den/dei som får prisen bør vere rollemodellar, førebilete og til inspirasjon for andre. Prisen kan ikkje gjevast til ein offentleg aktør.
Kvifor ein frivilligpris?
Frivilligprisen til Vestland fylkeskommune skal motivere, synleggjere og verdsetje frivilligheita i fylket. Prisen skal synleggjere eigenverdien og samfunnsverdien til frivilligheita gjennom å løfte fram gode førebilete og eksempel på resultat av frivillig innsats.
Fylkeskommunen vil auke statusen til, interessa for og merksemda om frivillig arbeid. Prisen er del av fylkeskommunen sitt arbeid for å stimulera til mangfald, breidde og ein nyskapande frivillig sektor.
Slik nominerer du nokon til Frivilligprisen Vestland
Du kan nominere nokon til prisen via elektronisk nominasjonsskjema som blir lagt ut på denne sida seinast ein månad før fristen. Som del av nominasjonen, må du kome med ei god og skriftleg grunngjeving.
Kriterium for frivilligprisen i Vestland
- Prisen skal gå til ein person, organisasjon, foreining eller gruppe i Vestland, som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet. Dette over lengre tid eller i eit tidsavgrensa prosjekt.
- Prisen skal synleggjera frivilligheitas eigenverdi og samfunnsverdi gjennom å løfte fram gode førebilete og eksempel på resultat av frivillig innsats.
- Frivilligheita si bredde og mangfald med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur, skal over tid gjenspeglast i eit tilsvarande mangfald blant prisen sine vinnarar.
- Prisen skal brukast innan frivilligheita og det er prisvinnar som avgjer kvar.
- Alle som er busett i Vestland har forslagsrett.
- Prisen kan ikkje gjevast til ein offentleg aktør.
Frivilligprisen er på kroner 50 000 og ein diplom.
Nominering og grunngjeving
- Dei som nominerer må komme med ei god og skriftleg grunngjeving.
- Prisen skal gå til enkeltpersonar eller organisasjonar.
- Den/dei som får prisen bør vere rollemodellar, førebilete og til inspirasjon for andre.
- Avdeling for kultur og folkehelse har ansvar for utlysing og nominasjonsprosess.
Jury
Oppnemning og samansetning av juryen
- Juryen består av representantar frå frivillig sektor.
- Paraplyorganisasjonane for frivillig sektor er jury for prisen med ein representant kvar.
- Juryen konstituerer seg sjølv og vel leiar mellom dei jurymedlemmane som er valt.
- Juryen innstiller på prisvinnar til avdelingsdirektør for kultur, idrett og inkludering som gjer endeleg vedtak.
- Juryen bør ha en variert samansetning med tanke på mellom anna alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
- Juryen skal skriva ei grunngjeving om den/dei som vert innstilt til prisen.
- Fylkeskommunen er sekretariat for juryen.
Oppgåver til juryen
- Å setja seg inn i føreslåtte kandidatar, vurdere kandidatane og velja ut en prisvinnar.
- Juryen kan forslå at det skal væra eit tema for neste års pris og kva temaet skal vera.
- Hovudutval for kultur, idrett og inkludering vedtar kriterium og endringar av desse.