
Modulære refleksjoner
Relieffet og dei reflekterande flatene i verket gjer at kunstverket aldri står fram på eitt og same vis. Det er i stadig endring anten det er den reisande sjølv som flyttar på seg, eller refleksjonar som blir aktiverte gjennom andre hendingar i omgjevnadane.
- Tittel
- Modulære refleksjoner
- Kunstnar
- Anders Sletvold Moe
- Stad
- Bergen lufthavn Flesland - Vis i kart
- Materiale
- Aluminium og syrefast stål
- Årstal
- 2017
Modulære refleksjoner er eit veggrelieff i aluminium og syrefast stål. Det er bygd opp av 84 modular. Flatene i modulane har varierande fargar, struktur og glans, og dei har formmessige koplingar til fasadeplater på terminalbygget til Avinor.
Samla utgjer platene ein komposisjon på 2,4 x 35 m på den 56 m lange betongveggen. Komposisjonen strekker seg ut i lengderetning for å gje ei oppleving av høg fart. Formene kan minne om eit bylandskap sett frå eit hurtigtog, der former og vinklar blir abstraherte i forbifarten.
Kunstverket er eigd av Vestland fylkeskommune.