Avspark Ibsen
Bli med og forme Vestland sin del av Ibsen-jubileet!
I 2028 er det 200 år sidan Henrik Ibsen vart fødd, og Nasjonalbiblioteket har fått det nasjonale koordineringsansvaret for jubileet, Ibsen200. Ambisjonen er å løfte fram nye perspektiv på forfattarskapen og gjere han tilgjengeleg for endå fleire. Vestland fylkeskommune har fått i oppdrag å koordinere Ibsen200 lokalt, og vi ønskjer å gjere det saman med gode krefter i fylket.
Vi inviterer derfor til Avspark Ibsen, eit halvdags-arrangement som samlar sentrale lokale aktørar for å inspirere til samarbeid, ideutvikling og konkret planlegging av korleis jubileet skal bli markert.
Henrik Ibsen hadde ei særleg tilknyting til Vestland. I perioden 1851–1858 arbeidde han ved Det norske teateret, no Den Nationale Scene. Han var først tilsett som husdramatikar, og seinare arbeidde han òg som sceneinstruktør. Erfaringane frå desse åra fekk stor betydning for han vidare som dramatikar. Han gjennomførte også ei innsamlingsreise gjennom Sogn, Sunnfjord og Nordfjord i 1862.
Med bakgrunn i dette ønskjer vi ein open og fagleg samtale om korleis vi best kan bruke den lokale Ibsen-arven, og vi treng nettopp dykkar innsikt for å lykkast. Vi håper de vil bli med på denne viktige oppstarten.
Tid: Torsdag 12. november 2026 kl 13.00 til 17.00
Stad: Grand Hotel Terminus, Bergen
Målgruppe: Aktørar frå kulturliv, næringsliv, akademia og skulesektor
Pris: Gratis
Program
13:00 Registrering, kaffi, lett servering
13:15 Velkomen og kunstnarisk innslag
13:40 Nasjonalbiblioteket informerer - Ibsen200
14:00 Henrik Ibsen og hans forhold til Bergen. Frode Hemlich Pedersen, professor, nordisk litteraturvitenskap
14:25 Pause
14:35 Henrik Ibsen på samlarferd i 1862. Anette Storli Andersen, Telemark fylke
15:00 Universitetetsbiblioteket i Bergen informerer. Ressursar andre kan nytte seg av og utstillingar under planlegging
15:15 Innspel til inspirasjon
15:45 Pause
16:00 Rundebordssamtalar
16:45 Oppsummering og avslutning
Programmet vil bli oppdatert.