Bli lærling i Vestland fylkeskommune
Vi har i dag 74 lærlingar som jobbar på skuler eller i ulike avdelingar spreidd rundt i fylkeskommunen.

Når du er lærling utdannar du deg til eit yrke. Hos oss vil du få både opplæring og praksis i faget. Du kan òg gå i lære som lærekandidat eller ta praksisbrev.
I Vestland fylkeskommune tilbyr vi læreplass i desse faga:
- barne- og ungdomsarbeidarfaget
- byggdriftarfaget
- hestefaget
- dyrefaget
- IT-driftsfaget
- ernæringskokkfaget
- kokkfaget
- service- og administrasjonsfaget
- reiselivsfaget
- salsfaget
- medieteknikkfaget
- gartnarfaget
- renholdsoperatørfaget
Denne sida blei sist oppdatert 28. august 2025.
Kven kan bli lærling?
Du må normalt ha fullført og bestått relevant vg1 og vg2.
Kor mykje får du i løn som lærling?
Løna til lærlingar er ein prosentvis del av minsteløn for fagarbeidarar.
Minsteløna for ein lærling som følger hovudmodellen for opplæring i skule/bedrift er fordelt slik:
- 1. halvår: 30 prosent
- 2. halvår: 40 prosent
- 3. halvår: 50 prosent
- 4. halvår: 80 prosent
Lærlingar har krav på fem veker ferie i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk. Arbeidstida er 37,5 timar per veke. Den daglege arbeidstida avtalast med næraste leiar.
Korleis søker du lærlingeplass hos oss?
Hovudopptaket skjer gjennom vigo.no som er ein nasjonal søknadsportal for alle vidaregåande skular. Søknadsfristen er 1. mars kvart år. Nokon læreplassar blir i tillegg lyste ut elles i året, desse vil du då finne under våre ledige stillingar.