Internasjonale organisasjonar
For å kunne vere med å påverke den europeiske politikken som gjeld utviklinga i Vestland, er vi aktivt medlem i ulike europeiske organisasjonar.
Prioriterte organisasjonar er Nordsjøkommisjonen (NSC), Conference of Peripheral and Maritime Regions (CPMR), det Nordatlantiske samarbeidet (NORA), europeiske fjellregionsamarbeid i Euromontana og Baltic Sea States Subregional Cooperation (BSSSC). I desse organisasjonane får Vestland fylkeskommune informasjon om, og innverknad på den regionalpolitiske utviklinga i Norden og i Europa.
Nordsjøkommisjonen (NSC)
Vestland fylkeskommune er medlem i Nordsjøkommisjonen (NSC). NSC er ein av seks geografiske kommisjonar under den politiske paraplyorganisasjonen Conference of Peripheral Maritime Regions (CPMR), ein europeisk tenketank for perifere regionar i Europa (sjå under). Hovudmålet for NSC er å fremje samarbeid mellom regionane rundt Nordsjøen for å finne gode løysingar, dele erfaringar og arbeide for å påverke europeisk politikkutforming. Det er ein viktig reiskap i det norske handlingsrommet under EØS-avtalen.
Nordsjøkommisjonen har medlemsregionar frå seks land i Nordsjøregionen: Skottland, Nederland, Tyskland, Danmark, Sverige og Noreg. Vestland er eit av fleire norske fylke som deltek, frå Trøndelag og sørover. Kommisjonen jobbar spesielt med berekraftig utvikling med særskilt merksemd på marine ressursar, berekraftig transport, smarte regionar og energi og klimautfordringar.
Conference of Peripheral Maritime Regions (CPMR)
CPMR er paraplyorganisasjonen for Nordsjøkommisjonen. Medlemmane er i hovudsak perifere kystregionar eller perifere regionar i Europa. Organisasjonen arbeidar med problemstillinga "Sentrum versus periferi" og er oppteken av balansert utvikling av regionane. CPMR jobbar med utkantproblem, fråflytting og betre regional utnytting av ressursane. Gjennom denne organisasjonen kan Vestland få auka merksemd på saker som Vestland tar opp i Nordsjøkommisjonen, mellom anna rein skipsfart, marin forureining og hydrogen som energikjelde. Organisasjonen arbeider elles målretta og effektivt inn mot ulike organ i EU med regionale spørsmål.
Nordatlantisk samarbeid (NORA)
NORA er ein mellomstatleg organisasjon under Nordisk Ministerråd sitt regionalpolitiske samarbeidsprogram og er finansiert av Nordisk Ministerråd og dei deltakande regioner. NORA-regionen består av til saman fem land og regionar: Island, Færøyane, Grønland, Vestlandet og Nord-Norge.
NORA skal vere agendasettande, allianseskapande og prosjektstøttande.
NORA skal bidra til å vekst i regionen m.a. gjennom å styrke samarbeidet mellom bedrifter og forskings- og utviklingsorganisasjonar på tvers av landegrensene. Hovudlinene i NORA sitt arbeid vert fastsett av komiteen gjennom fleirårige strategiplaner og årlege handlingsprogram.
Prioriterte område i gjeldande strategi er bioøkonomi, berekraftig reiseliv, sirkulærøkonomi, transport, energi og lokalsamfunn.
Euromontana
Euromontana er ein multisektoriell interesseorganisasjon for samarbeid og utvikling i fjellsamfunn. Organisasjonen inkluderer lokale og regionale styresmakter, utviklingsselskap, FoU-institusjonar, bransjeorganisasjonar og miljøorganisasjonar. Organisasjonen arbeider med europeiske institusjonar for å fremje distriktsutvikling og brukar konferansar, prosjekt og studiar for å oppnå dette målet. Vestland fylke vil også finne relevante partnarskap for samarbeidsprosjekt og erfaringsutveksling.
75 organisasjonar frå 20 land samarbeider som medlemmer i Euromontana.