Søk om arrangement på og langs fylkesveg
Du må søke om å få bruke fylkesveg og tilhøyrande areal til arrangement.
Dette kan du søke om:
- bruk av fylkeskommunal grunn til arrangement
- stenging av veg
Søknad om arrangement bør sendast inn seinast 4 veker før arrangementdato.
Kven kan søke
Alle kan søke om å få holde arrangement på fylkeskommunal grunn.
Dette må du ha med i søknaden
- skildring av arrangement, inkludert tid og stad.
- skildring av korleis vegen skal nyttast
Dersom det er behov for nye eller endra offentlege skilt, t.d. ved stenging av veg, må dette gå fram av søknaden. Kostnadane knytt til skilting i forbindelse med arrangement må bærast av arrangør.
I tillegg til samtykke frå fylkeskommunen må du søke om løyve frå politiet og andre grunneigarar og bør ha dialog med kommunen, brannvesenet og ambulansetenesta, om dei blir berørt.
Søk fylkeskommunen om arrangement på fylkesveg
Om arrangementet skjer på andre vegar, som riksveg eller kommunal veg, må det sendast søknad om løyve til alle involverte vegeigarar.
Søknaden skal innehalde
- kva type arrangement det er.
- korleis fylkesvegen skal nyttast i arrangementet og fylkesvegnummeret.
- tid og stad
- informasjon om reklame knytt til arrangementet
Sykkelritt
For å arrangere sykkelritt må du
- søke om løyve hjå Statens vegvesen
- sende kopi av løyve til aktuelle politidistrikt
- søknadsfristen er seinast fire månader før konkurransen
- for eventuell nedsett fartsgrense eller stenging av veg, må dette også søkast om til Statens vegvesenet
Søknadsskjema til sykkelritt hjå Statens vegvesen
Reklame og installasjonar
Det må søkast særskilt om løyve til å sette opp reklame og installasjonar som gjerder, målportalar og liknande i samband med arrangementet.
Søknad om reklame langs fylkesveg
Søk om å plassere konteinar og stillas
Spesielt om sykkelritt og billøp
For sykkelritt og billøp gjeld det eigne reglar:
Les meir om sykkelritt-arrangement hjå Statens vegvesen