Søknad om plassering av kontainar eller stillas med og utan lift langs fylkesveg

Du må søkje om løyve til mellombels plassering av kontainar og stillas som skal stå ved fylkesveg. Søknadsplikta dekkjer fylkeskommunen sitt eigedomsområde.

I tillegg til å søkje om mellombels plassering av kontainar og stillas, må du i nokre høve ha godkjent arbeidsvarslingsplan. Denne vert handsama av Statens vegvesen.
Løyve for plassering av kontainar/stillas skal vere godkjent før du søkjer om å få godkjent arbeidsvarslingsplan. Hugs å leggje ved godkjenningsbrevet for container/stillas i søknaden til Statens vegvesen.

Dersom du skal plassere ein lift, mobilkran eller liknande på/ved fylkesveg og denne blir fjerna når det ikkje blir utført arbeid, kan det vere nok å søkje om godkjent arbeidsvarslingsplan. Denne vert handsama av Statens vegvesen.