Vil flytte veglinja på Heilevang
Vestland fylkeskommune er på god veg mot ei ny løysing for skredsikring av fv. 609 ved Heilevang. Lausmassetunnelen som var planlagd i første runde går ut, og i staden vert tunnelpåhogget flytta lengre aust.
Ein revidert reguleringsplan er no sendt over til Askvoll kommune og Sunnfjord kommune for høyring og godkjenning.
Bakgrunn
Rassikringa av fv. 609 mellom Hestvika og Heilevang vart utsett i mars i år, og anbodskonkurransen vart avlyst. Bakgrunnen var usikkerheit knytt til stabiliteten ved området der tunnelen skulle gå inn ved Heilevang, og om prosjektet kunne gjennomførast slik det var planlagt.
Vestland fylkeskommune har sidan då gjennomført omfattande kartlegging av grunntilhøva ved Heilevang. Det er utført prøvegraving og borepunkt i eit stort område for å finne djupne til berg, og med utgangspunkt i det utarbeidd ei ny tunnelløysing.
Ved å flytte tunnelpåhogget lengre aust, i retning Førde, kan vi gå for ei tradisjonell utgraving. Det inneber meir massar å grave ut, og ein lengre tunnelportal, men også at vi slepp å drive ein lausmasstunnel.
– Parallelt med planlegginga av ei ny løysing har vi hatt tett dialog med Askvoll og Sunnfjord kommune om mindre endringar i reguleringsplanen, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Vestland fylkeskommune.
Ingen endringar i Hestvika
Planendringane gjeld for Heilevang i aust og flytting av veglinja i tunnelen, i Hestvika i vest er det ingen endringar. På Heilevang er mellombels anleggsområde utvida noko.
Reguleringsendringane må godkjennast i begge kommunestyra, både Sunnfjord og Askvoll. Prosjektleiaren meiner reguleringsplanen skal vere klar for høyring i løpet av november, og kan bli godkjend i løpet av februar 2025.
Føresett at planendringane blir godkjent i kommunane, samt at fylkestinget gir tilslutnad til ny utlysing, er målet at prosjektet skal lysast ut i marknaden i første halvdel av 2025. Prosjektet vil ha ei byggetid på cirka 4 år.
– Vi planlegg å invitere entreprenørane til ein marknadsdialog der vi vil presentere dei nye grunnundersøkingane og endringane i prosjektet, men tidspunktet for dette må vi komme tilbake til, seier Huseklepp.