Kom i gang med kompetanseutvikling i bedrift - FORREGION Kompetanse

FORREGION Vestland – Kompetanse skal gjennom bruk av utdanning og forsking bidra til innovasjon, berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft og klimaomstilling i bedrifter gjennom kompetanseheving.

FORREGION Vestland tilbyr gratis rådgiving gjennom kompetansemekling dersom bedrifta di ønskjer å kome i gang med kompetanseutvikling.

Kompetansemeklaren kan hjelpe med å avklare behov for kompetanse, finne rette utdannings- og forskingspartnarar, og rettleie bedrifter til relevante kunnskapsleverandørar.

Korleis kan FORREGION Vestland – Kompetanse hjelpe di bedrift?

FORREGION Vestland tilbyr eit sett med verkemiddel for bedrifter som ønskjer å styrke sin kompetanse:

  • Kompetansemekling: Identifisere og kartlegge kompetansebehov i bedrifter.
  • Rådgiving: Rettleie bedrifter til relevante utdannings- og forskingsmiljø.
  • Oppfølging: Hjelpe med å utvikle relevante tilbod innan utdanning, anten i utdanningsinstitusjonane sin eigen regi eller gjennom søknadsbaserte ordningar.

Meir informasjon om dette finn du vidare på denne sida, eller ved å kontakte ein kompetansemeklar.

Om FORREGION Vestland – Kompetanse

FORREGION Vestland – Kompetanse er ein del av fylkeskommunen si langsiktige satsing på regional kompetanseutvikling.

FORREGION (Forskningsbasert innovasjon i regionane) er ein del av ei nasjonal satsing med mål om å fremme forskingsbasert innovasjon i næringslivet i heile landet. FORREGION Vestland er hovudsakleg finansiert av Kommunal- og distriktsdepartementet, med delfinansiering frå fylkeskommunen og Høgskulen på Vestlandet.

Samarbeid

Fylkeskommunen leiar satsinga og samarbeider tett med Høgskulen på Vestlandet. FORREGION Vestland – Kompetanse er også eit samarbeid med næringshagar, inkubatorar, næringsklynger og kapasitetsløftprosjekta om gjennomføring av kompetansemøte.

FORREGION Vestland – Kompetanse byggjer på erfaringar frå mange års forskingsmobiliserande kompetansemekling og vidarefører arbeidet frå VRI og MobiFORSK i dei tidlegare fylka Hordaland og Sogn og Fjordane.

Kontakt oss

Har du spørsmål om FORREGION Vestland – Kompetanse eller ønskjer å delta i prosjektet? Ta kontakt med ein av våre kompetansemeklarar frå HVL for meir informasjon og rådgiving. Vi ser fram til å jobbe saman for å møte dei kunnskapsutfordringane som ligg framfor oss.

Vestland fylkeskommune og Høgskulen på Vestlandet – Samarbeid for framtidas kompetanse!