Kompetansemekling (FORREGION Vestland)

Ønsker bedrifta di å komme i gang med forsking? Står bedrifta di framfor problemstillingar med kunnskapsbehov der du trur forsking kan bidra til utvikling og auka verdiskaping? Ta kontakt med ein kompetansemeklar i FORREGION Vestland, som kan gi gratis hjelp til å finne ut av kva som er rett veg vidare.

Kompetansemeklaren hjelper med å identifisere og konkretisere prosjektidear basert på utfordringar i bedrifta di. Vidare kan kompetansemeklaren hjelpe til å få fram om du har behov for forsking for å kome vidare med prosjektet. Du får også hjelp til å identifisere potensielle forskarar som kan bidra, og hjelp til å identifisere aktuelle finansieringsmoglegheiter.

Kompetansemeklaren kan bistå i å arrangere  FoU-møte for å avklare forskingsbehov knytt til konkrete utfordringar for fleire bedrifter i fylket.

FORREGION Vestland har knytt til seg 9 fagpersonar på Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking som kompetansemeklarar. De dekker eit breidd spekter av fagområde og har erfaring frå forskingsarbeid og samarbeid mellom forskarar og bedrifter.

Alle typar bedrifter i Vestland kan ta kontakt med ein kompetansemeklar. Vi prioriterer å hjelpe bedrifter som har lita forskingserfaring og som har idear som kan føre til innovasjon, berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft eller klimaomstilling i Vestland.