Kom i gang med forsking i bedrift - FORREGION
FORREGION Vestland skal bidra til at bedrifter brukar forsking til innovasjon, berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft og klimaomstilling.
FORREGION Vestland tilbyr eit sett med verkemiddel for bedrifter som vil kome i gang med forsking:
- Kompetansemekling: Gratis rådgiving frå ein kompetansemeklar som bidrar til å avklare behov for forsking, moglege finansieringskjelder og aktuelle forskingspartnarar.
- Forprosjektmidlar: Støtte til innleiande forskings- eller utviklingsprosjekt. Godt eigna for bedrifter med lite erfaring med å bruke forsking i verksemda.
- Forskar til låns: Bedrifta får låne ein forskar i ein avgrensa periode for samarbeid om forsking, utvikling og nyskaping.
- Opphald i ein forskingsorganisasjon: Opphald hos ein forskingsinstitusjon for å knyte kontaktar og tileigne seg kunnskap som er viktig for bedrifta.
- FoU-møte: Støtte til å arrangere eit møte med fleire bedrifter for å avklare korleis forsking kan bidra til å løyse felles utfordringar i ei næring.
Utfyllande informasjon om kvart enkelt tiltak finn du ved å klikke på lenkene til høgre (under teksten på mobil).
Om FORREGION Vestland
FORREGION Vestland er del av fylkeskommunen si langsiktige satsing på mobilisering til forsking.
FORREGION (Forskingsbasert innovasjon i regionane) er ei del av ei nasjonal satsing med mål å fremme forskingsbasert innovasjon i næringsliv i heile landet. FORREGION Vestland er hovudsakleg finansiert av Kommunal- og distriktsdepartementet, med delfinansering frå fylkeskommunen, Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking.
Samarbeid
Fylkeskommunen leiar satsinga og samarbeider med Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking. FORREGION Vestland samarbeider også med næringshagar, inkubatorar, næringsklynger og kapasitetsløftprosjekta om gjennomføring av FoU-møte.