Forsking

Vestland fylkeskommune gir bedrifter hjelp til å starte opp forskingsprosjekt og støtte til gjennomføring av forsking som har tydeleg innovasjonspotensial. Vi har oversikt over kva støtteordningar som er aktuelle, og kva forskarar det kan vere relevant for ulike bedrifter å samarbeide med. Forskingsorganisasjonar og andre aktørar kan få råd og støtte til utvikling av forskings- og innovasjonsprosjekt, der det er krav om forankring og medverknad frå privat eller offentleg sektor. Fylkeskommunen driv også forsking for å utvikle tannhelsetenesta.