Tilskot til berekraftig samfunnsutvikling
Fylkestinget har ikkje løyvd midlar til tilskot for berekraftig samfunnsutvikling i 2025. Vi lyser difor ikkje ut dette tilskotet i år.
Sjå alle andre tilskotsordningane i Vestland fylkeskommune her.
Ordninga omfatta tidlegare tre innsatsområde (by- og stadutvikling, klima og miljø, og sosial utjamning). Kommunane kunne søkje på eitt, fleire ellers på tvers av innsatsområda.
Føremålet med tilskotsordninga
Tilskotsordninga har blitt bli brukt til by- og stadutvikling, sosial utjamning av helseskilnadar, og til å mobilisere til klimaomstilling og nullutslepp i kommunane. Dette for å skape tilgjengelege, inkluderande og trygge stadar der folk trivast, kjenner tilhøyrsle og stimulerer til aktive liv.
Støttenivå
Vestland fylkeskommune gir støtte med inntil 50 prosent av total kostnad. Det er krav om eigenfinansiering frå søkjar.
Meir om innsatsområda
By- og stadutvikling
Vestland fylkeskommune skal skape gode ramme for kvardagslivet i byar og stadar. Innsatsområde skal støtte kommunane sitt arbeid med sentrum og nærmiljø for å stimulere til trivsel, aktive liv og møte mellom folk. Arbeid med mangfaldige, attraktive og særprega stadar, haldbare bygg og uterom. Nyskaping, ombruk og fornying tufta på stadbundne verdiar og kvalitetar.
Til dømes kan vi støtte
- mellombelse møteplassar. Ny funksjon og nye uttrykk innafor eit gitt tidsrom
- transformasjon og ombruk
- arbeid med mangfald, fleksible og haldbare uttrykk, arkitektur og landskapsforming
Klima og miljø
Vestland fylkeskommune har klima og miljø som premiss for samfunnsutviklinga. Innsatsområdet skal støtte kommunane sitt arbeid med å redusere direkte og indirekte klimagassutslepp, klimatilpassing og ta i vare det biologiske mangfaldet. Vurdering av klimarisiko for å førebu oss på konsekvensar av klimapolitikk og klimahendingar. Dette for å skape eit klimarobust samfunn.
Til dømes kan vi støtte
- arbeid knytt til direkte og indirekte klimagassutslepp, som kunnskapsgrunnlag, tiltak og framskriving
- kartlegging av naturmangfald, økosystem og arealbruk med særskilt betydning for klimatilpassing og utsleppsreduksjon
- utgreiing og arbeid knytt til klimarisiko, samt gjennomføring av tiltak
Sosial utjamning
Vestland fylkeskommune vil styrke grunnlaget for gode kvardagsliv og like moglegheiter for alle. Folkehelseoversikta i Vestland løftar fram at vi må ha søkjelys på grupper som av ulike årsaker ikkje har moglegheit til å delta på like vilkår. Dette kan mellom anna skuldast økonomi, funksjonsnivå, kunnskap og utdanning. I måla for folkehelsearbeidet skal vi arbeide for ei samfunnsutvikling som utjamnar sosial ulikskap i helse. Dette betyr å arbeide for like moglegheiter, ressursar, rettigheiter og/eller levekår blant innbyggarane. Innsatsområdet skal støtte kommunane i dette arbeidet.
Til dømes kan vi støtte:
- arbeid med å styrke kommunen sin folkehelseoversikt knytt til sosial ulikskap
- utvikling av tiltak i tråd med kommunen sitt kunnskapsgrunnlag, med mål om utjamning av sosial ulikskap
Dette støtter vi ikkje
- Arbeid til gjennomføring av tradisjonelt lovpålagte oppgåver etter forventa minstekrav
- Ordinær drift eller innkjøp av utstyr eller anlegg
- Arbeid som kan få støtte frå ENOVA og NVE
- Ladeinfrastruktur
Sakshandsaming og vedtak
Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune.
Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. forvaltningslova (fvl.). Unnatak gjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter fvl.
Avdeling for kultur og folkehelse og avdeling for næring, plan og innovasjon førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i fylkesutvalet. Handsaming av kvar søknad er eit einskildvedtak, og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik
frå fylkesdirektør si innstilling skal også grunngjevast.
Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.
Oppfølging og rapportering
Vilkår og retningslinjer for gjennomføring av tiltak går fram av tildelingsbrev. Tilskotet må bli brukt i samsvar med planlagde aktivitetar på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning.
Tilsegn om tilskot vil gjelde i inntil tre veker frå svar om vedtak er sendt til søkjaren. Tilsegna vil kunne felle bort, og midlane inndregne dersom:
- søkjar ikkje innan tre veker etter å ha mottatt tilsegn om tilskot signerer tilsegnsbrevet (e-signering)
- tiltaket ikkje er igangsett innan eitt år etter tildeling
- søkjaren ikkje har bede om utbetaling av tilskotet i samsvar med dokumentert framdrift og kostnadsplan
Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført jamfør framdriftsplan skissert i søknad. Krav til rapportering blir sendt ut saman med eventuelt vedtak om støtte.
Tilskotsmottakar plikter seg til å dele erfaringar med andre aktørar i ulike samanhengar. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll på at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.
Klage
Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3 – veker. Fristen vart rekna frå den dagen søkjar fekk melding om vedtaket.
Ei eventuell klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til klage og kva endringar ein meiner bør gjerast. Klage kan sendast til Vestland fylkeskommune.