Fiskesprell
Fiskesprell er eit nasjonalt kosthaldsprogram som skal få barn og unge til å ete meir fisk. Vi har kurs for barnehagetilsette og elevar i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Fiskesprell er eit nasjonalt kosthaldsprogram som har som mål å leggje til rette for at barn og unge skal ete meir sjømat.
Fylkeskommunen tilbyr kurs for tilsette i barnehagar og til elevar i barne- og ungdomsarbeidarfaget i vidaregåande opplæring.
Meld deg på kurs
Kurs for barnehagetilsette
Litt om kurset
Vi inviterar tilsette i barnehagar til gratis heildagskurs om barn, kosthold og sjømat.
Kurset har ein teoretisk og ein praktisk del. Gjennom kurset får du innføring i ulike tema knytt til kosthald og helse hos barn, med eit særskilt fokus på sjømat. Du får også praktisk innføring i korleis du kan lage i stand mat og presentere enkle, barnevenlege rettar med fisk.
Meld deg på
Kommunane i Vestland vil få invitasjon gjennom folkehelsekontakt.
Kurs for elevar i barne- og undomsarbeidarfaget
Litt om kurset
Kurset er eit dagskurs for elevar i barne- og ungdomsarbeidarfaget (BUA). Mål er å gje eit teoretisk grunnlag om viktigheita av å ha eit sunt kosthald i barnehage- og skulealder. Det vil også innhalde ein praktisk gjennomføring i tilbereding av sjømat.
Meld deg på
Vidaregåande skular som ønskjer kurs for BUA-elevane sine kan sende e-post til kontaktperson i fylkeskommunen.