Yrkesfagleg fordjuping
Yrkesfagleg fordjuping for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma - eit samarbeid mellom elev, skule og bedrift.
Føremål med yrkesfagleg fordjuping (YFF)
YFF skal gjere det mogleg å veksle mellom læringsarenaer
og gi elevane opplevinga av realistiske arbeidssituasjonar i læringsarbeidet.
Faget skal gi elevane eit godt grunnlag for å velje lærefag
og ei moglegheit til å knytte kontakt med potensielle lærebedrifter.
YFF skal gi elevane ei opplæring som er relevant for den framtidige
yrkesutøvinga deira.
YFF skal bidra til å introdusere elevane for arbeidslivet. Regionalt og lokalt arbeidsliv får høve til å definere innhaldet i opplæringa i tråd med dei lokale kompetansebehova, basert på læreplanar for aktuelle fag.
Faget skal også gi elevane moglegheit til å prøve ut eitt eller fleire aktuelle lærefag. Dei skal få erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer yrka utdanningsprogrammet kvalifiserer dei for, og få moglegheita til å fordjupe seg i kompetansemål frå læreplanane på Vg3-nivå.
Føremål Vg1
Føremålet med YFF er å få prøva ut eit eller fleire lærefag. Dette kan gjennomførast på skule eller i bedrift, alt etter kva læringsarena som er mest eigna.
Eleven i Vg1 skal få prøve ut eit eller fleire lærefag, så langt råd er, i godkjent bedrift. Andre bedrifter må vurderast til å kunne bli godkjente lærebedrifter.
Føremål Vg2
Føremålet med YFF er å få erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer eit eller fleire av dei ulike yrka innan utdanningsprogrammet, og fordjupe seg i kompetansemål frå læreplanane på Vg3 nivå.
Bedrifter skal periodevis brukast som læringsarena. Godkjente lærebedrifter skal prioriterast. Andre bedrifter må vurderast til å kunne bli godkjente lærebedrifter.
YFF krev samarbeid med arbeids- og næringsliv, og det er viktig med god kommunikasjon mellom partane.
Retningslinjer for YFF – tydeleggjer førebuing, krav og forventningar til partane.
Omfang
Tidsramme Vg1, yrkesfagleg fordjuping 6 skuletimar à 45 min. i veka, eller 168 årstimar.
Tidsramme Vg2, yrkesfagleg fordjuping 9 skuletimar à 45 min. i veka, eller 253 årstimar.
Gjennomføring av YFF
Styrande dokument for Vestland fylkeskommune i samband med gjennomføring av YFF faget:
1. Forskrift til yrkesfagleg fordjuping
2. Retningslinjer YFF (.pdf)
3. Lokal læreplan - skulens dokumentasjon av elevens opplæring i YFF (.docx)
4. Informasjon frå skulen til praksisbedrift (.pdf)
5. Avtale om utplassering i bedrift (.pdf)
6. Tilbakemelding frå bedrifta (.pdf)
7. Informasjon om forsikring av elevar (.pdf)
8. Innmeldingsskjema for utvida yrkesskadeforsikring (.xlsx)
Vurdering
Dei individuelle planane/dokumentasjonen for gjennomført YFF blir ved slutten av skuleåret samla i eleven sin læreplan.
Mål for opplæringa blir lagt ved eleven sitt kompetansebevis og er ein del av dokumentasjonen for gjennomført YFF.
Det er skulen sitt ansvar at vurdering blir gitt.
YFF vurderast med standpunkt karakter på Vg1 og på Vg2 .
Dokumentasjon YFF vedlegg SkoleArena/SATS:
Skulen fører kompetansebevis FAM03 «Jf. Vedlegg».
Mal for kva som skal inn på kompetansebeviset finn de i mal for lokal læreplan.
Nasjonale og lokale relevante lenker og verktøy:
1. Finnlærebedrift.no
2. Samarbeidsavtaler YFF, skule- bedrift, utdanning.no
3. Vilbli.no
4. Bli lærling i Vestland fylkeskommune
5. Bli lærebedrift i Vestland fylkeskommune