Tilrettelegging ved læringsutfordringar
Vi har samla litt informasjon om korleis ein kan hjelpe elevar/lærlingar med ulike lærevanskar. Dette gjeld både i skule og lærebedrift.
Lærebedriftene er svært ulike og innspela til tiltak vil ha ulik grad av relevans for den enkelte bedrift. For nokre lærebedrifter vil tekst som omhandlar skulesituasjonen vere aktuelle å bruke også i lærebedrifta.
For mange elevar/lærlingar med lærevanskar er det trong for å tilpasse opplæringa.
Tilpassa opplæring gjelder for alle elever, lærlingar, lærekandidatar og vaksne. Å tilpasse opplæringa betyr å legge til rette med varierte vurderingsformer, læringsressursar, læringsarenaer og læringsaktiviteter slik at alle får tilfredsstillande utbytte av opplæringa.
Kven og kva
Kategorien «elevar/lærlingar med læringsutfordringar» famnar om både elevar, lærlingar, lærekandidatar, praksisbrevkandidatar og vaksne med læringsutfordringar. Men sjølv om gruppa rommar ulike typar elevar/lærlingar, er utfordringane som elevar/lærlingar med læringsutfordringar møter, dei same og tilnærminga ofte lik.
Skulen/lærebedrifta må bli godt kjent med eleven/lærlingen for å kunne oppdage læringsutfordringar. Elevane og lærlingane med læringsvanskar har ulike utfordringar, men for mange av dei er opplæringssituasjonen prega av at dei:
- presterer lågt
- vegrar seg for opplæring og vurderingssituasjonar
- kan ha utfordringar med teori eller praktiske fag
- har høgt fråvær
- er svake lesarar
- kan vere ukonsentrert
- har ulike diagnosar
- tar ikkje til seg læring
God tilrettelegging og god arbeidsinnsats kan i nokre tilfelle vege opp for læringsutfordringane.
Overgang frå grunnskule til vidaregåande opplæring
På nettsida Søknad og inntak finn de naudsynt informasjon om å søke vidaregåande opplæring.
Når eleven går frå grunnskule og over i vidaregåande opplæring, går ansvaret for opplæringa over til fylkeskommunen. God kontakt mellom grunnskulen og den vidaregåande skulen er viktig for at overgangen skal bli så god som mogleg for eleven. Den vidaregåande skulen må få tilstrekkeleg informasjon til å kunne leggje til rette best mogleg, og så raskt som mogleg for den einskilde elev. Grunnskulen må syte for at det føreligg samtykke frå eleven.
Dersom det er behov for fysisk tilrettelegging i ny skule, særskilde hjelpemiddel eller kompetansebehov, må den vidaregåande skulen ha melding om dette i godt tid frå grunnskulen. Seinast 1.oktober.
Elevar som har hatt individuelt tilrettelagd opplæring i grunnskulen og som søkjer inntak etter § 6-17 eller § 6-22, kan få midlertidig vedtak om individuelt tilrettelagt opplæring på bakgrunn av dokumentasjon frå grunnskulen/kommunalt PPT medan fylkeskommunalt PPT gjer utgreiing og skriv ny sakkunnig vurdering. (Veilederen for spesialundervisning). I overføringsmøte mellom grunnskule og vidaregåande skule i mai/juni kan elev med føresette tilvise til PPT i vidaregåande opplæring.
For nokre elevar vil endring i rutinar og møte med nye personar, omgjevnader og aktivitetar skape ekstra stress og utryggleik. Eit besøk på ny skule, før oppstartvil kunne bidra til at eleven blir tryggare. Å møte kontaktlærar, ei omvising på skulen, klasserom og eit innblikk i nye rutinar, timeplan og skulekvardag kan trygge eleven på det nye som kjem.
Overgang frå skule til opplæring i bedrift
Det er viktig å få fram elevane sine styrkar og ressursar, og tenkje gjennom eleven sin sluttkompetanse. Kva ressursar har eleven som gjer dei attraktive for arbeidsgjevarar? Kan eleven ta fagbrev eller sveinebrev og gå ut i ordinært arbeidsliv? Eller treng eleven tilrettelagt arbeid? Kan eleven bli lærling, eller bør eleven bli lærekandidat?
Ein lærekandidat får opplæring i delar av læreplanen ut frå individuelle evner. Målet er at lærekandidaten skal oppnå så høg kompetanse som mogleg og bli best mogleg kvalifisert for arbeidslivet.
Det skal leggjast til rette for at fleire elevar kjem ut i opplæring i bedrift i staden for å gå eit 4. og 5. år i skule.
Bedriftene som har behov for ekstra ressursar kan søke fullføringsmidlar.
Lærekandidatar kan ha rett på individuell opplæring. Det kan gjerast midlertidig vedtak om individuell opplæring for lærekandidatar dersom PPT skriv sakkunnig vurdering på bakgrunn av erfaringane i faget Yrkesfagleg fordjuping.
Korleis motivere
Elevar og lærlingar blir motiverte av å meistre og at dei forstår det dei lærer. Skule og lærebedrifter skal leggje til rette for meistring og motivasjon hos alle. Då må dei ha kjennskap til kva som motiverer den enkelte slik at opplæringa kan tilpassast.
Ryddige og reine omgjevnader bidreg positivt til læring og utvikling. Fysisk plassering i klasserom eller arbeidstad, støy og påverknad frå medelevar/kollegaer kan verke inn på motivasjonen.
Det psykososiale miljøet påverkar også motivasjonen. I skulen gjeld opplæringslova for regulering av det psykososiale miljøet, medan i lærebedriftene er det arbeidsmiljølova som gjeld.
Hjelpemiddel kan bidra til auka meistring. Dette kan til dømes vere fysiske eller ulike pedagogiske hjelpemiddel. Nav Hjelpemiddelsentral og Statped yt teneste til både elevar og lærlingar.
Tilpasse opplæringa i skulen
Det er viktig å bli kjend med eleven/lærlingen for å tilpasse opplæringa best mogleg. Ver ekstra merksam på dette der elev/lærling må forhalda seg til mange lærarar/instruktørar.
Tilpassa opplæring er kjenneteikna av variasjon.
Elevar med lærevanskar knytt til teoretiske fag, vil har nytte av at fellesfaga blir ekstra yrkesretta og relevante for yrket, og/eller opplæring der ein får bruke dei praktiske evnene sine.
Elevar og lærlingar som er sterke på det auditive kan ha nytte av munnleg opplæring og diskusjon.
Elevar/lærlingar som er visuelt sterke kan ha nytte av presentasjonar, arbeidsoppgåver på papir og pc.
Elevar og lærlingar som har vanskar med merksemd treng å skifte mellom ulike metodar for opplæring.
Generelle tips til opplæringa
Det kan vera nyttig for nokre elevar/lærlingar med ein gjennomgang av kva som skal skje i løpet av veka for å skape tryggleik og oversikt. Sett gjerne av fast tid per veke, der lærar/instruktør er tilgjengeleg og elev/lærling kan jobbe med fagstoff.
Lag ein rød tråd i fag og skap samanheng mellom undervisningstimane.
Legg ut oppgåver og informasjon tilgjengeleg digitalt slik at eleven har desse tilgjengleg og kan få desse opplesne digitalt.
Fleire tips kan vere:
- Varierte opplæringsmetodar
- Snakke om arbeidet som skal gjerast
- Forklare korleis arbeidet skal gjerast og kvifor
- Skriftlege planer
- Skriftleggjere munnlege beskjedar, arbeidsprosessar, støtteark
- Grundig opplæring i nødvendig program på data og appar på telefon
- Lære å lage mappesystem for lagring av dokument
- Samskrivingsdokument med lærar/instruktør - skrivetrening
- Hyppige, små pausar
- Bruk av film, bilde og anna støttemateriell i opplæringa
- Praktisk arbeid der det er mogeleg
- Tilby munnleg/skriftlege prøvar / Tilby minifagprøver på emne
- Tilby val av ulike metodar for presentasjonar – film, bilde, munnleg
- Tilpassa oppgåver- til dømes: gi oppgåver oppdelte i delar
- Digitale ressursar: Mange læreverk har digitale ressursar der ein kan jobbe med emna på andre måtar
Strukturelle grep som kan vurderast
- Redusere kor mange fag eleven tar
- Toårig løp / Utvida tid
- Dele opp timane og bruke ulike undervisningsmetodar – slik at ein bryt opp undervisningsøkta
- To-lærarsystem- moglegheit til å vere tett på og organisere undervisninga på ulike måtar
- Fleksible grupper
- Eleven kan få deler av opplæringa si i bedrift
- To-lærarsystem
- Fleksible grupper
- Bruk av teknologi
Vurdering av tilfredsstillande utbytte og behov for individuelt tilrettelagt opplæring
Skulen må kartlegge systematisk eleven si utbytte av opplæringa – både formelt gjennom testar og spørjeskjema, og uformelt gjennom observasjon, samtalar og møter.
Dersom ein elev ikkje har tilfredstillande utbytte av opplæringa kan eleven har rett til individuelt tilrettelagd opplæring. Skulen skal prøve ut tiltak for å betre utbyttet av opplæringa før skulen tek kontakt med PPT.
Tilpasse opplæringa i bedrift
Legg til rette for at lærlingen eller lærekandidaten kan kjenne på meistring. Finn ut kva som motiverer lærlingen/lærekandidaten og kva som motverkar motivasjon.
Lærlingar og lærekandidatar med kan ha behov for hjelp til å finne seg til rette i arbeidsmiljøet. Samtaler kring dette og ein fadder i arbeidsmiljøet kan vere til hjelp.
I lærebedrifter kan organisering av arbeidet legge til rette for gode opplæringssituasjonar. Mange av dei same verkemidla som kan brukast i skulen kan også brukast i opplæring i bedrift.
Andre verkemiddel er:
- skape positive relasjonar til kollegaer
- god struktur i opplæringa
- føreseielege planar
- bryte ned arbeidsoppgåver i mindre deler
- konkrete tilbakemeldingar
- hjelp til å sjå samanhengar mellom ulike arbeidsoppgåver, og mellom fag og arbeidsoppgåver
- bruk av instruktørar ein til ein eller i mindre grupper
- hyppige faglege samtaler
- hyppige statussamtaler / undervegsvurderingar
- hjelp til å handtere stress
- skjerming for sanseinntrykk
- ekstra pausar
- hjelp til å forstå arbeidslivet sine reglar og krav
- samtaler om og god førebuing til fagprøva og evt. eksamenar
Dersom tilpassing av opplæringa ikkje er nok, kan desse meir inngripande tiltaka vurderast:
- redusert stillingsprosent
- tilpasse forholdet mellom tid og mengde arbeid
- tilpassa opplæringsplan
- utvida læretid (krev vedtak frå fylkeskommunen)
- søke gjennomføringsmidlar hjå Rettleiingstenesta
- vurdere om lærlingen skal ha færre kompetansemål (bli lærekandidat).Ta kontakt med rettleiingstenesta.
Statped har god informasjon om ulike diagnosar og funksjonsnedsettingar på sine nettsider. Her kan det vere tips og kompetanse for lærebedrifter og opplæringskontor å hente.
Vurdering av tilfredsstillande utbytte og behov for individuelt tilrettelagt opplæring
Dersom lærlingen ikkje har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, kan lærekandidat vere aktuelt. Ta då kontakt med rettleiingstenesta i lærebedrifta sitt område og evt. opplæringskontoret lærlingen er knytt til.
Lærekandidatar kan ha rett på Individuelt tilrettelagd opplæring (spesialundervisning) dersom lærlingen ikkje har tilfredstillande utbytte av ordinær opplæring. Rettleiingstenesta kan hjelpe bedrifta med å vurdere dette.
Lærekandidatar som får vedtak om Individuelt tilrettelagd opplæring skal ha ein individuell opplæringsplan. Rettleiingstenesta hjelper lærebedrifter og opplæringskontor med å utarbeide denne.
Vurdering
Føremålet med vurdering i fag er å fremje læring og bidra til lærelyst undervegs i opplæringa, men også å gi informasjon om kompetanse undervegs og til slutt.
Elevar og lærlingar skal minst kvart halvår få ei undervegsvurdering. Vurderinga skal vise kompetansen eleven/lærlingen har i faget, og gi rettleiing om korleis han eller ho kan auke kompetansen sin innan faget.
Undervegsvurdering i fag skal vere ein integrert del av opplæringa, og brukast som eit reiskap i læreprosessen for å fremje læring, tilpasse opplæring og auke kompetansen i fag, jf. forskrift til opplæringslova §3-10.
Undervegsvurdering er forklart i fire læringsfremjande prinsipp som er forankra i forsking. Verktøya som blir brukt må tilpassast til elevane sine føresetnader og behov.
I undervegsvurderinga i fag skal elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar:
- Delta i vurderinga av eige arbeid og reflektere over eiga læring og fagleg utvikling
- Forstå kva dei skal lære og kva som blir venta av dei
- Få vite kva dei meistrar
- Få rettleiing om korleis dei skal arbeide vidare for å auke kompetansen sin
Undervegsvurderinga skal gi informasjon om elevane/lærlingane/lærekandidatane sin kompetanse i forhold til læreplanane.
Undervegsvurderinga skal også brukast til å vurdere om eleven eller lærekandidaten har tilfredsstillande utbytte av opplæringa eller har behov for Individuelt tilrettelagd opplæring.
For elevar og lærekandidatar med vedtak om Individuelt tilrettelagd opplæring gir ein undervegsvurdering ut frå den individuelle opplæringsplanen (IOP). IOP må difor brukas aktivt i arbeidet med vurderinga.
Individuelt tilrettelagt opplæring
Elevar og lærekandidatar som ikkje har utbytte av den ordinære opplæring kan ha rett på individuelt tilrettelagt opplæring (tidlegare kalla spesialundervisning).
Dei som har fått vedtak om individuelt tilrettelagt opplæring skal ha ein individuell opplæringsplan (IOP). Vurderingar og tilbakemeldingar skal bli gitt i forhold til den individuelle opplæringsplanen (IOP).
For elevar med Individuelt tilrettelagd opplæring er det i nokre tilfelle mogleg å avvike frå læreplanar og få fritak frå vurdering med karakterar.
For elever som har Individuelt tilrettelagd opplæring, skal skulen utarbeide ein årsrapport. Årsrapporten skal gi ei skriftleg oversikt over den opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven. Eleven si utvikling skal vurderast ut frå måla i eleven sin IOP. Elevane bør så langt som råd trekkjast aktivt med i vurderinga av trivsel, læring og utvikling.
Problemstillingar som skulen skal sjå på:
- korleis har opplæringa vore – kva har vore bra og mindre bra i opplæringa?
- korleis har utviklinga vore i forhold til måla i IOP?
- er måla framleis relevante eller er det behov for å justere dei?
- bør tiltaka som gjeld organisering og arbeidsmåtar justerast?
- er det framleis behov for Individuelt tilrettelagd opplæring?
- korleis bør det vidare leggjast opp? Bør det gjerast justeringar i resten av opplegget?
Prinsippet om inkluderande opplæring legg til grunn at skulen har ei heilskapleg planlegging av tiltak, der både eleven si læring og opplæringa sin kvalitet blir vurdert. Det er viktig at individuell vurdering og skulebasert vurdering blir knytt samen.
Tilrettelegging på eksamen og fagprøver
Elevar/lærlingar som har læringsutfordringar kan søkje om tilrettelegging til eksamen, fagprøve og i fag. Ein slik søknad må innehalde dokumentasjon frå ein sakkyndig instans, og elev/lærling kan søkje om til dømes utvida tid, skjerma plass, anna prøveform og andre tilretteleggingar. Det er den enkelte skule som godkjenner søknadene frå elevar og fylkesadministrasjonen som godkjenner søknadane frå lærlingar.
Meir om tilrettelegging av eksamen
Meir om tilrettelegging av fag-/sveineprøve og kompetanseprøve.
Fritak frå karakter
Elevar/lærlingar med særskilte læringsutfordringar kan søke fritak for vurdering med karakter eller fritak for opplæring i nokre fag etter spesielle reglar. Det er eleven sine føresetnader for opplæring som er avgjerande for om det kan setjast karakterar.
- Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål (Forskrift til opplæringslova). §3-19 i
- Fritak frå opplæring i skriftleg sidemål (Forskrift til opplæringslova §1-11 i).
- Fritak frå vurdering med karakter i kroppsøving sidemål (Forskrift til opplæringslova §3-20 i).
- Fritak frå opplæring med karakter i kroppsøving (Forskrift til opplæringslova §1-12 i).
- Fritak for vurdering med karakter i framandspråk på grunn av sterk dysleksi eller spesifikke språkvanskar.
Dersom ein lærling har gjennomført opplæring, men ikkje bestått i inntil to fellesfag, kan lærlingen søke om å likevel få vitnemål og fag- eller sveinebrev. Det må vere ei ny sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta som viser at elev/lærlingen har store lærevanskar i faget/faga (Forskrift til opplæringslova §3-42). Vedtak kan tidlegast gjerast i samband med overgangen frå Vg2 til Vg3.
Rektor avgjer søknadene frå elevar i fag som gir vitnemål med yrkeskompetanse. Det kan ikkje bli gitt unntak for vitnemål som gir generell studiekompetanse.
Opptak til høgare utdanning
Dei som har stroke i eitt eller fleire fag på grunn av nedsett funksjonsevne kan søke om dispensasjon ved opptak til høgare utdanning. Dette kan gjelde for eksempel ein elev med spesifikke matematikkvanskar som har stroke i matte.
Du må ikkje fylle meir enn 24 år i søknadsåret.
Kven kan hjelpe
Dersom du treng hjelp eller har spørsmål kan du ta kontakt med rettleiingstenesta.
Du finn også meir informasjon i Handbok for lærekandidatar i Vestland.(pdf)
Her kan du finne meir informajon
Veilederen Spesialundervisning (udir.no)
Statped.no
ADHD Norge.no
Dysleksi Norge.no
Autismeforeningen.no
Touretteforeningen.no
Diagnoseinformasjon (Udir.no)
Samordna opptak.no