Kva vil du ta privatisteksamen i?

Her er oversikt over dei faga du kan ta som privatist. Frist for å melde deg er 1. februar om våren og 15. september om hausten.

Du kan ta eksamen som privatist i dei fleste fag frå studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Ein del fag har fleire eksamenar. Då treng du ikkje å ta alle eksamenane i same periode, men du må ta alle for å bestå faget.

Studiekompetanse

For å studere på universitet eller høgskule treng du studiekompetanse. Det finst fleire måtar å få studiekompetanse på.

På Samordna opptak sine nettsider kan du lese om dei ulike måtane å få studiekompetanse på.

Teorieksamen for praksiskandidatar

Om du ønskjer å ta fag- eller sveinebrev som praksiskandidat, må du først ta ein skriftleg teorieksamen. 

På denne sida kan du lese meir om praksiskandidatordninga.

Du kan ta privatisteksamen i meir enn 40 ulike framandspråk.

På Utdanningsdirektoratet sine nettsider kan du sjå liste over språka du kan ta eksamen i.

Du må ta både munnleg og skriftleg eksamen for å få faget godkjent.

I Vestland kan du ta munnleg eksamen i desse språka:

Albansk, amharisk, arabisk, bosnisk, bulgarsk, dari, estisk, filipino, finsk, fransk, hindi, islandsk, italiensk, japansk, kantonesisk, kinesisk, koreansk, kurdisk, latvisk, litauisk, nederlandsk, nygresk, oromo, panjabi, persisk, pashto, polsk, portugisisk, russisk,serbisk, somali, spansk, tamil, teiknspråk, thai, tigrinja, tyrkisk, tysk, ukrainsk, ungarsk, urdu og vietnamesisk.

Fagkode og nivå

Du kan ta framandspråk på tre ulike nivå, I, II eller III. Om du tek eksamen på eit høgare nivå, vil du få godskrive nivåa under.

Du kan ta framandspråk som fellesfag, det vil seie obligatorisk framandspråk, eller programfag. Bruk kodar som begynner med FSP om du skal ta framandspråk som fellesfag. Om framandspråket skal vere programfag, skal du bruke fagkodar som begynner med PSP.

Ta kontakt med oss dersom du ønskjer å ta munnleg eksamen i eit anna språk du ikkje finn på liste eller er usikker på kva fagkode du skal bruke

Om du er eldre enn 23 år,  kan du få studiekompetanse med dei seks studiekompetansefaga  sjølv om du ikkje har vitnemål. Dei seks studiekompetansefaga er engelsk, historie, matematikk, naturfag, norsk og samfunnsfag. 

Les meir om 23/5-regelen på sidene til Samordna opptak.

Her finn du liste over kva fagkoder du må ta eksamen i for å få godkjent studiekompetansefaga. I ein del av faga må du ta fleire eksamenar, kvar eksamen har sin fagkode.

Engelsk

  • ENG1007 eller ENG1009 (skriftleg)
  • ENG1008 eller ENG1010 (munnleg)

(ENG1003 (skriftleg) og ENG1103 (munnleg) frå LK06 har siste eksamen hausten 22)

Historie

  • HIS1003 (Du oppfyller også kravet med HIS1002)

Norsk

  • NOR1211 eller NOR1231 (hovudmål)
  • NOR1212 eller NOR1232 (sidemål)
  • NOR1213 eller NOR1233 (munnleg)

Samfunnsfag

  •  SAK1001 (SAF1001 frå LK06 har siste eksamen hausten 22)

     

Naturfag

Studieførebuande løp

  • NAT1007

Yrkesfagleg løp

Eit av desse 

  • NAT1008  (vg1 bygg og anleggsteknikk)
  • NAT1009 (vg1 elektro  og datateknologi)
  • NAT1010 (vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign)
  • NAT1011 (vg1 helse- og oppvekstfag)
  • NAT1012 (vg1 handverk, design og produktutvikling)
  • NAT1013 (vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon)
  • NAT1014 (vg1 naturbruk)
  • NAT1015 (vg1 restaurant og matfag)
  • NAT1016 (vg1 salg, service og reiseliv)
  • NAT1007 (vg1 teknologi og industrifag)

og

  • NAT1003 (vg3 påbygg)

Matematikk

Du kan fylle matematikk-kravet på tre måtar:

Studieførebuande løp:

  • MAT1019 (1P) eller MAT1021 (1T) og MAT1023 (2P) 

(MAT1015 (2P) frå LK06 har siste eksamen hausten 22)

Studieførebuande løp med programfag i matematikk:

  • MAT1019 (1P) eller MAT1021 (1T) og REA3056 (R1) og REA3060 (S1)

(REA3024 (R1) eller REA3026 (S1) frå LK06 har siste eksamen hausten 22)

 

Yrkesfagleg løp, praktisk matematikk:

Eit av desse 

  • MAT1111  (1 P-Y vg1 bygg og anleggsteknikk)
  • MAT1113 (1 P-Y vg1 elektro  og datateknologi)
  • MAT1115 (1 P-Y vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign)
  • MAT1117 (1 P-Y vg1 helse- og oppvekstfag)
  • MAT1119 (1 P-Y vg1 handverk, design og produktutvikling)
  • MAT1121 (1 P-Y vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon)
  • MAT1123 (1 P-Y vg1 naturbruk)
  • MAT1125 (1 P-Y vg1 restaurant og matfag)
  • MAT1127 (1 P-Y vg1 salg, service og reiseliv)
  • MAT1129 (1 P-Y vg1 teknologi og industrifag)

og

  •  MAT1005 (2P-Y vg3 påbygg)

Yrkesfagleg løp, teoretisk matematikk:

Eit av desse 

  • MAT1131  (1 T-Y vg1 bygg og anleggsteknikk)
  • MAT1133 (1 T-Y vg1 elektro  og datateknologi)
  • MAT1135 (1 T-Y vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign)
  • MAT1137 (1 T-Y vg1 helse- og oppvekstfag)
  • MAT1139 (1 T-Y vg1 handverk, design og produktutvikling)
  • MAT1141 (1 T-Y vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon)
  • MAT1143 (1 T-Y vg1 naturbruk)
  • MAT1145 (1 T-Y vg1 restaurant og matfag)
  • MAT1147 (1 T-Y vg1 salg, service og reiseliv)
  • MAT1149 (1 T-Y vg1 teknologi og industrifag)

og

  •  MAT1005 (2P-Y vg3 påbygg)

Matematikk

Dei fleste matematikkfaga har todelt skriftleg eksamen. Del ein er utan andre hjelpemiddel enn skrivesaker, passar, vinkelmålar og linjal. På del to kan du bruke alle hjelpemiddel og det er obligatorisk å bruke digitale verktøy.

Du kan lese meir om kva digitale verktøy du vil trenge på eksamen på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

I matematikk X (REA3055) er det munnleg eksamen.

Naturfag

I naturfag er det munnleg-praktisk eksamen. Det finst tre variantar av faget:

  • Studieførebuande løp

    • NAT1007

    Yrkesfagleg løp

    Eit av desse 

    • NAT1008  (vg1 bygg og anleggsteknikk)
    • NAT1009 (vg1 elektro  og datateknologi)
    • NAT1010 (vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign)
    • NAT1011 (vg1 helse- og oppvekstfag)
    • NAT1012 (vg1 handverk, design og produktutvikling)
    • NAT1013 (vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon)
    • NAT1014 (vg1 naturbruk)
    • NAT1015 (vg1 restaurant og matfag)
    • NAT1016 (vg1 salg, service og reiseliv)
    • NAT1017 (vg1 teknologi og industrifag)

    og

    • NAT1003 (vg3 påbygg)

Du har sjølv ansvar for at du vel rett fagkodar. For å få studiekompetanse må du enten velje studieførebuande eller yrkesfagleg løp.

På eksamen i naturfag skal du gjere praktiske øvingar. Du finn liste over øvingane her.

Biologi, kjemi og fysikk

I biologi 1, kjemi1 og fysikk 1 er det munnleg-praktisk eksamen.

I biologi 2, kjemi 2 og fysikk 2 er det både munnleg-praktisk og skriftleg eksamen. Du må bestå begge eksamenane for at faget skal vere godkjent. Du treng ikkje å ta eksamenane i same eksamensperiode og du kan forbetre dei enkeltvis.

På munnleg-praktiske eksamenar i skal du gjere praktiske øvingar. Du finn liste over aktuelle øvingar her.

Geofag 

I geofag 1 er det munnleg praktisk eksamen.

I geofag 2 er det både munnleg-praktisk og skriftleg eksamen. Du må bestå begge eksamenane for at faget skal vere godkjent. Du treng ikkje å ta eksamenane i same eksamensperiode og du kan forbetre dei enkeltvis.

På munnleg-praktisk eksamen i geofag 1 og geofag 2 skal du ha med deg ei prosjektoppgåve på eksamen. Oppgåva må vere på papir.

Informasjonsteknologi og teknologi og forskningslære

I informasjonsteknologi 1 og teknologi  og forskningslære 1 er det munnleg-praktisk eksamen

I informasjonsteknologi 2 og teknologi og forskningslære 2 er det både munnleg-praktisk og skriftleg eksamen. Du må bestå begge eksamenane for at faget skal vere godkjent. Du treng ikkje å ta eksamenane i same eksamensperiode og du kan forbetre dei enkeltvis.

Skriftleg eksamen har 24- timar førebuingsdel. 

Studieførebuande utdanningsprogram

Du må ha bestått vurdering i skriftleg hovudmål, skriftleg sidemål og munnleg for å få norskfaget godkjent. Du treng ikkje å ta dei tre eksamenane i same eksamensperiode og du kan forbetre dei enkeltvis.

Fagkodar:

  • NOR1211 eller NOR1231 hovudmål skriftleg
  • NOR1212 eller NOR1232 sidemål skriftleg
  • NOR1213 eller NOR1233 munnleg

Yrkesfaglege utdanningsprogram

Privatistar må ta to eksamenar i norsk: skriftleg og munnleg. Du må bestå begge eksamenane for at faget skal vere godkjent. Du treng ikkje å ta eksamenane i same eksamensperiode og du kan forbetre karakterane frå privatisteksamen enkeltvis.

Fagkodar:

  • NOR1206 skriftleg eksamen
  • NOR1219 munnleg eksamen

Norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg

Har du eit anna morsmål enn norsk, samisk svensk eller dansk og har budd i Noreg i mindre enn 6 år? Då kan du, første gong du tar eksamen i faget, ta eksamen etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid. Du må ta både munnleg og skriftleg eksamen.

Yrkesfag

  • NOR1408 skriftleg eksamen
  • NOR 1409 munnleg eksamen

Studieførebuande utdanningsprogram

  • NOR1405 eller NOR1410 skriftleg eksamen
  • NOR1406 eller NOR1410 munnleg eksamen

Det er ikkje krav om sidemål.

Les meir om læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

Fritak i sidemål

 Her kan du lese meir om fritak og korleis du søker

Engelsk fellesfag

Privatistar må ta to eksamenar i engelsk fellesfag: ein munnleg og ein skriftleg.  Du må bestå begge eksamenane for at faget skal vere godkjent. Du treng ikkje å ta eksamenane i  same eksamensperiode og du kan forbetre privatistkarakterane enkeltvis.

Fagkodar:

  • Studieførebuande: ENG1007 (skriftleg) og ENG1008 (munnleg)
  • Yrkesfagleg: ENG1009 (skriftleg) og ENG1010 (munnleg)
  • ENG1003 (skriftleg) og ENG1103 (munnleg) har siste eksamen haust 22)


Skriftleg eksamen i engelsk har ein førebuingsdel.

Du finn førebuingsdelen på nettsida til Utdanningsdirektoratet.

Engelsk programfag

Det er tre programfag i engelsk:

  • internasjonal engelsk
  • samfunnsfagleg engelsk
  • engelskspråkleg litteratur og kultur

Du må ha bestått vurdering i både munnleg og skriftleg for å få faget godkjent. Du treng ikkje å ta begge eksamenane i same eksamensperiode og du kan forbetre dei enkeltvis.

Historie

Det finst to variantar av historiefaget:

  • HIS1002 for studiespesialiserande/studieførebuande utdanningsprogram
  • HIS1003 for påbygg og studiekompetanse basert på fagbrev eller 23/5-regelen

Kroppsøving

I kroppsøving er det munnleg-praktisk eksamen. Eksamen foregår i ein gymsal og du må møte i gymklede.

Les meir om eksamen i kroppsøving i eksamensinstruksen.

Tverrfagleg praktisk eksamen

Dersom du ikkje har vore elev i programfaga på yrkesfagleg studieprogram, må du ta ein tverrfagleg praktisk eksamen.

Les meir om tverrfagleg praktisk eksamen.