Munnleg og munnleg-praktisk privatisteksamen

Munnleg og munnleg-praktisk privatisteksamen har, i dei fleste fag, ein førebuingsdel på 20 til 45 minutt.

Munnlege og munnleg-praktiske privatisteksamenar blir som hovudregel arrangerte på ettermiddag/kveldstid i Bergen, Stord og Voss, og på dagtid i Førde, Sogndal og på Eid.
 
Hjelpemiddel i førebuingstida

Du skal trekkje ei oppgåve som du skal arbeide med i førebuingstida.

I førebuingstida kan du bruke alle hjelpemiddel, også internett og kommunikasjon. Du må sjølv ha med deg hjelpemidla du ønskjer å bruke. I førebuingstida skal du vere på eit eige førebuingsrom. Det skal vere stille på førebuingsrommet.

Internett i førebuingstida

Dersom du ønskjer å bruke internett i førebuingstida, vil du få tilgang til trådlaust nettverk. For å logge deg på nettverket, må du bruke ein kode du får på sms, du må difor ha med deg mobil om du vil bruke internett i førebuingstida.

Slutt på leselister

Ordninga med leselister er avvikla. 

På munnleg og munnleg-praktisk eksamen kan du berre bruke notat frå førebuingstida.

Om du har med pc på eksamen, skal skjermen vere synleg for sensor og eksaminator under heile eksamen.

I REA3010 geofag 2 skal du gjennomføre ei prosjektoppgåve før eksamen.

Du må ta med deg oppgåva på papir og levere ho til eksaminator når du møter på eksamen. 

Om du møter på eksamen utan prosjektoppgåve, vil du ikkje få ta eksamen.

(Nytt!) REA3042 geofag 1 og geofag 2 (REA3044), nye læreplanar:
Du skal ha med deg ein feltrapport på papir innan kjerneelementet i læreplanen «Geofagleg feltarbeid». Det er obligatorisk å gjennomføre eit feltarbeid i faget.

Feltrapporten må vise dokumentasjon av planlegging, innsamling av georefererte data i felt og bearbeiding av desse. Problemstillinga må vere knytt til aktuelle jordsystem og kompetansemål i læreplanen. Feltrapporten vil bli brukt som utgongspunkt for ein del av samtalen under eksamen.

Du må ta med deg feltrapporten på papir og levere den til eksaminator når du møter på eksamen.

Om du møter på eksamen utan feltrapport får du ikkje ta eksamen.

På munnleg-praktisk eksamen i naturfag, kjemi, fysikk og biologi skal du gjere praktiske øvingar.

Alle måla i læreplanen er utgangspunkt for kva du kan blir spurt om på eksamen. Nedanfor finn du lister over kva som kan vere aktuelt som det praktiske innslaget på eksamen.

Du må vere budd på å bli eksaminert i variantar av øvingane du finn på listene. Det vil bli lagt vekt på at du kjenner utstyret og kan gjere greie for det som skjer.

Relevante tabellar og formlar vil vere tilgjengelege på eksamen.

Naturfag

NAT1003 vg3 påbygg

NAT1007 vg1 studieførebuande

NAT1008 vg1 Bygg- og anleggsteknikk

NAT1009 vg1 Elektro

NAT1010 vg1 Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign

NAT1011 vg1 Helse- og oppvekstfag

NAT1012 vg1 Handverk, design og produktutvikling

NAT1013 vg1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon

NAT1014 vg1 Naturbruk

NAT1015 vg1 Restaurant- og matfag

NAT1016 vg1 Sal, service og reiseliv

NAT1017 vg1 Teknologi- og industrifag

Biologi

REA3001 biologi 1

REA3035 biologi 1

REA3003 biologi 2

Fysikk

REA3004 fysikk 1

REA3038 fysikk 1

REA3006 fysikk 2

Kjemi

REA3011 kjemi 1

REA3045 kjemi 1

REA3013 kjemi 2

Meir informasjon om privatisteksamen i kroppsøving og programfag innan idrettsfag finn du her:

                Eksamensinformasjon for Sogn og Fjordane 

                Eksamensinformasjon for Hordaland