Sensur og dokumentasjon
Når eksamensresultata er klare vil dei bli lagt ut på privatistportalen.
Sensur
Når er eksamensresultatet klart?
- Munnleg og munnleg-praktisk eksamen: Du får opplyst kva karakter du har fått når eksamen er ferdig. Du skal kvittere for at du har motteke karakter og munnleg grunngjeving.
- Skriftleg eksamen: Om våren er karakterane frå skriftleg eksamen klare i siste del av juni, om hausten i starten av januar.
Eksamensresultatet for skriftleg eksamen våren 2024 blir publisert i privatistportalen 22. juni klokka 12.00.
Klage på eksamensresultatet
Les om korleis du kan klage på eksamensresultatet.
Dokumentasjon
Registrerte karakterar på Vigo
Du kan sjekke dei registrerte karakterane dine på Vigo sine sider. Her vil du finne informasjon om den videregåande opplæringa di som er registrert i VIGO-systemet:
Merk! Det tar litt tid etter at du har mottatt resultatet frå privatisteksamen i siste termin, til karakterane blir registrert i Vigo.
Når treng du ikkje å bestille kompetansebevis?
Du treng ikkje å bestille kompetansebevis frå privatisteksamen om du har fått vitnemål frå ein offentleg skule tidlegare.
Viss du har fått vitnemål tidlegare, må du ta kontakt med skulen som skreiv ut vitnemålet. Skulen vil kunne oppdatere vitnemålet ditt med nye fag eller forbetring av fag/påbyggsfag.
Når treng du å bestille kompetansebevis?
- Dokumentasjon på generell studiekompetanse etter 23/5-regelen (dei seks studieretningsfaga)
- Dokumentasjon på fag som ikkje kan stå på vitnemålet ditt, til dømes R-matematikk/S-matematikk, karakterar i framandspråk som er ført med F (fritak) som underliggande nivå på vitnemålet.